Ein bokby er ein landsby, liten by eller ei bygd der ein har sett bøker i fokus, og då særleg sal av brukte bøker.

«The Honest Bookshop» i Hay-on-Wye.
Frå Den norske bokbyen i Fjærland.

Den fyrste bokbyen vart starta av Richard Booth i Hay-on-Wye i Wales. Etterkvart har det vorte bokbyar andre stader også, dei fleste i Europa, men også i andre delar av verda.

I Noreg er det to bokbyar, den fyrste er i Fjærland og heiter «Den norske bokbyen», og den andre er i Tvedestrand og heiter «Bokbyen ved Skagerrak».

Ein del av bokbyane er organisert i the International Organisation of Book Towns.

Bokbyar

endre

Dette er ei liste over stader som kallar seg bokbyar. Det er ikkje sikkert at lista er komplett:

Bakgrunnsstoff

endre