Bolærne er ei øygruppe i Ytre Oslofjord utanfor Nøtterøy i Færder kommune. Ho består av Vestre Bolæren, Mellom Bolæren og Østre Bolæren, i tillegg til nokre mindre øyar, holmar og skjer.

Bolærne
Geografi
Stad Ytre Oslofjord
Koordinatar 59°12′49″N 10°32′54″E / 59.21361°N 10.54833°E / 59.21361; 10.54833

Tal på øyar 3 store

Høgaste punkt 50 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestfold

Busetjinga på Bolærne går ifølge skriftlege kjelder tilbake til 1600-talet. Mellom Bolæren er den største av øyane og hadde midt på 1800-talet 33 fastbuande. Fram til 1916 låg øyane under Jarlsberg hovudgard. Då vart Bolærne kjøpt av Forsvaret i samband med utbygging av festningsanlegg i Ytre Oslofjord. Tidlegare Nøtterøy kommune overtok Mellom Bolæren i 2004.[1]

Kjelder endre

Fotnotar endre