Bolstadøyri bedehuskapell

kyrkjebygg i Voss kommune

Bolstadøyri bedehuskapell står på Bolstadøyri inst i Bolstadfjorden i Voss herad i Vestland, og vart innvigd som bedehus i 1889. Huset vart vigsla som kapell i 1926.[1]

Bolstadøyri bedehuskapell
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Voss
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Evanger
Fellesråd Voss
Type Langkyrkje
Innvigd Som bedehus:
7. desember 1889
som kapell: 1926[1]
 •  Endringar 1922, 1960
Kyrkjegard Ved kapellet
Sitjeplassar 100–150[2]
Diverse eigd av Bolstadøyri Indremisjon[1]
Kart
Bolstadøyri bedehuskapell
60°38′25″N 5°57′12″E / 60.6403728°N 5.9533609°E / 60.6403728; 5.9533609
Wikimedia Commons: Bolstadøyri bedehuskapell
Bolstadøyri bedehuskapell is located in Hordaland
Plasseringa til Bolstadøyri bedehuskapell

Kapellet er bygd i tre og vart påbygd i 1922 og 1960. Det er eigd av Bolstadøyri Indremisjon, medan den praktiske administrasjonen av kapellet ligg under kyrkjeverja i Voss kommune.

Gravplass

endre

Grunna dei ofte vanskelege forhalda for ferdsle på Evangervatnet vinterstid, var det trong for gravstad vestom vatnet for dei som sokna til Evanger kyrkje, og det vart opparbeidd gravstad i Teigen på Bolstadøyri i 1864. Denne gravplassen var i bruk fram til 1924. Då var det opparbeidd ny gravplass kring bedehuset, og det er den som framleis vert bruka. Gravplassen ligg kring kapellet på på aust-, vest- og nordsida.[3]

Kjelder

endre

Fotnotar

endre

Bakgrunnsstoff

endre