12°11′N 68°15′W / 12.183°N 68.250°W / 12.183; -68.250

Bonaire
   
Flagget til Bonaire
Flagget til Bonaire
Våpenet til Bonaire
Våpenet til Bonaire
Flagget til Bonaire Våpenet til Bonaire
Bonaire på verdskartet.
Bonaire på verdskartet.
Status nederlandsk oversjøisk territorium
Guvernør Lydia Emerencia
Hovudstad Kralendijk
Offisielt språk Nederlandsk, papiamento
Areal

- % vatn

294 km²

0

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 1566 (2010)
ca. 53/km²

Verdsdel Sør-Amerika
Internet-domene .an, .nl
Tidssone UTC -4
Internasjonal telefonkode +599
Nasjonalsong Tera di Solo y suave biento

Bonaire (nederlansk uttale boˈnɛːr(ə),[1] papiamento Boneiru, uttalt buˈneiru) er ei øy i Dei små Antillane, nord for kysten av Venezuela, som er under nederlandsk styre.

Bonaire består offisielt av hovudøya Bonaire (288 km²), og den folketomme Klein Bonaire (6 km²). Til saman dekkjer dei eit areal på 294 km². Hovudstaden i Bonaire er Kralendijk. Øya har ein permanent folkesetnad på 18 905 (1. januar 2015).

Tidlegare utgjorde Bonaire ei administrativ eining saman med naboøyane Aruba og Curaçao, men frå og med oppløysinga av Dei nederlandske antillane i 2010[2] er desse tre øyane separate einingar underlagt Nederland.[3]

Saman med Sint Eustatius og Saba utgjer øya Karibisk Nederland.[3][4]

Ordsoge endre

Namnet «Bonaire» har truleg opphavleg kome frå caquetio-ordet bonay, som tyder 'lågland'. Tidlege spanske og nederlandske kolonisatørar brukte stavemåtar som Bojnaj og Bonaire.[5]

 
Tradisjonelle gamle hus med kaktusgjerde ved utandørsmuseet i Rincon på Bonaire.

Historie endre

Menneska har butt på Bonaire heilt sidan ca. 1000 e. Kr, då ein reknar med at Caquetio-indianarane kom i kano frå fastlandet i dagens Venezuela. Ein har funne talrike holemåleri og helleristingar etter dei på øya. Truleg var Caquetio-ane eit høgt folk, for det spanske namnet på Bonaire er las Islas de los Gigantes - øya til kjempene.

Då europearane oppdaga øya ca. år 1500, tok dei dei innfødde til slavar for seg. Utover 1500-talet importerte spanjolane mengder av husdyr til Bonaire. Etter ein langvarig strid mellom Nederland og Spania erobra nederlendarane Bonaire på 1600-talet, og bygde eit fort her i 1639. Bonaire blei heretter ei plantasjeøy, og ein del slavar vart henta hit frå Afrika.

Under Napoleonskrigane tok Storbritannia kontroll over øya, men Nederland fekk henne tilbake i 1814. Busetnaden som i dag er Kralendijk vart grunnlagt av britiske handelsfolk i 1810. Utover 1800-talet vart slavane frigjorte.

Bonaire tente som britisk og amerikansk protektorat under andre verdskrigen, og USA bygde då ei flystripe her, Flamingo internasjonale lufthamn. I etterkrigstida blømte økonomien for øya; her kom eigen klesbutikk, radiostasjonar og auka saltproduksjon. I 1975 vart også eit petroleumsselskap grunnlagt på Bonaire. I dag lever Bonaire i stor grad av turisme.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Mangold, Max. Duden – Das Aussprachewörterbuch. Der Duden in zwölf Bänden, Band 6. 7. Auflage. Berlin: Dudenverlag; Mannheim : Institut für Deutsche Sprache, 2015, Seite 242.
  2. «Antillen opgeheven». NOS Nieuws. 18. november 2009. Arkivert frå originalen 24 December 2009. Henta 10 October 2010. 
  3. 3,0 3,1 «Wet openbare lichamen Bonaire, Sint Eustatius en Saba
    (Law on the public bodies of Bonaire, Sint Eustatius and Saba)»
    (på nederlandsk). Henta 14 October 2010.
     
  4. «Kingdom of the Netherlands_DEF» (PDF). Henta 13. juni 2017. 
  5. Elly A. «Bonaire's History - InfoBonaire».