Bonifaciosundet
Bonifaciosundet (før 1861 stava Bonifaccio) er sundet mellom Korsika og Sardinia, kalla opp etter den korsikanske byen Bonifacio. Det er om lag 11 km breitt[1] og går mellom Tyrrenhavet og det vestlege Middelhavet. Den største djupna er 100 meter.[2]
Maddalenaøyane ligg i sundet, like nord for Sardinia.
Sjømenn har i lange tider frykta dette farvatnet på grunn av vêret, havstraumane, grunnene og andre hindringar. Den mest kjende ulukka i Bonifaciosundet var då den franske fregatten «Sémillante» forliste her 15. februar 1855. Skipet hadde forlate hamna i Toulon dagen før og var på veg til Svartehavet med troppar til Krimkrigen. Ho vart råka av ein storm, trefte eit rev og sokk. Ingen av dei 750 om bord overlevde. I 1993 forliste eit tankskip her, og etter den tid har det vore forbode for franske og italienske skip med farleg gods å passere sundet. Skip med farleg last under andre flagg blir frårådd å sigla her og må ha med los.[3][4]
Kjelder
endre- ↑ «European Space Agency Observing the Earth». web page. European Space Agency. Henta 4 October 2011.
- ↑ «International Maritime Organization Marine Environment Protection Committee 61st Session, Agenda Item 9 Annex, page 1» (PDF). PDF document. International Maritime Organization. Arkivert frå originalen (PDF) 25. april 2012. Henta 4 October 2011.
- ↑ «The Strait of Bonifacio: a Particularly Sensitive Sea Area (PSSA)». Henta 18 June 2013.
- ↑ «IMO Resolution A.666(18) Navigation in the Strait of Bonifacio» (PDF). PDF document. Arkivert frå originalen (PDF) 28. august 2013. Henta 18 June 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Strait of Bonifacio» frå Wikipedia på engelsk, den 28. november 2007 og 27. februar 2015.