Maddalenaøyane (italiensk Arcipelago della Maddalena) er ei øygruppe i Bonifaciosundet mellom Korsika og Sardinia i Italia. Ho består av sju større øyar og fleire småøyar.

Maddalenaøyane
øygruppe
Land  Italia
Kart
Maddalenaøyane
41°13′13″N 9°23′21″E / 41.2203°N 9.38917°E / 41.2203; 9.38917
Wikimedia Commons: La Maddalena Archipelago
Santo Stefano sett frå Palau.

Geografi

endre

Den største øya er La Maddalena og dei andre seks øyane er (frå størst til minst): Caprera, Spargi, Santo Stefano, Santa Maria, Budelli og Razzoli. Berre Maddalena, Caprera og S. Stefano er busette.

Maddalenaøyane ligg nær den kjende turiststaden Costa Smeralda og har det same krystallklåre vatnet og granittklippene, men er òg eit rikt dyreliv. Øyane er ein del av nasjonalparken Parco Nazionale Arcipelago di La Maddalena.

Historie

endre

Øyane har vore busett sidan førhistorisk tid. Romarane kalla øyane for Cunicularia og dei var eit travelt skipsfartområde i det andre og første tusenåret f.Kr. Maddalenaøyane har alltid vore strategisk viktige og var årsaka til ein strid mellom Republikken Pisa og Republikken Genova på 1200-talet. Dette førte til at dei vart forlatne i lange tider før gjetarar frå Korsika slo seg ned her i lag med dei første busetjarane på Sardinia på 1500-talet. Napoleon Bonaparte, Horatio Nelson og særleg Giuseppe Garibaldi hadde alle historiske band til dette området.

I dag

endre

I dag er det ein marinebase for NATO med amerikanske atomubåtar på St. Stefano. Administrativt høyrer øyane til provinsen Olbia-Tempio etter at dei flytta frå provinsen Sassari i 2005. Det går ferjesamband frå Palau på Sardinia til La Maddalena. Det er berre vegar på La Maddalena og Caprera.

Kjelder

endre