Opna hovudmenyen

Bonner Durchmusterung (BD) eller Durchmusterung er det allmenne namnet på tre omfattande astronomiske stjernekatalogar over heile himmelen. Durchmusterung er eit tysk ord som vert brukt om ei systematisk kartlegging av objekt eller data.

Den opphavlege Bonner Durchmusterung er den katalogen som vart sett saman ved observatoriet ved Universitetet i Bonn i perioden 1852–1862, under leiing av Friedrich Wilhelm August Argelander. Katalogen omfattar stader for nesten 325 000 stjerner frå Nordpolen til 2° sørleg deklinasjon, alle av dei kjende stjernene ned til niande, og mange av dei tiande, storleiksklassene.

I 1875 vart Argelander etterfølgd av Eduard Schönfeld som leiar av Bonn-observatoriet. I perioden 1875–1881 utvida han Bonner Durchmusterung sørover med ytterlegare 133 659 stjerner, observerbare frå Bonn.

I perioden 1892–1914 vart katalogen utvida til òg å omfatta den sørlege stjernehimmelen gjennom ein samanstilling gjort ved observatoriet i Córdoba i Argentina. Córdoba-Durchmusterung inneheld rundt 578 000 stjerner.

Til saman dannar dei tre Durchmusterung ein systematisk katalog med over éin million stjerner ned til niande, og delvis tiande, storleiksklasse.

BD-stjernenummer vert brukt den dagen i dag, og gjer det mogleg å korrelere dette verket med moderne prosjekt. BD-nummer vert skrive på formatet «BD deklinasjon løpenummer», eksempelvis har Betelgeuse nummer BD+7°1055 (den 1055. stjerna på 7° nordleg deklinasjon.

KjelderEndra