Opna hovudmenyen

Bonnie Tyler (fødd Gaynor Hopkins8. juni 1951 i Skewen i Wales) er ein britisk popsongar. Ho er kjend for den særprega hese stemma si som ho fekk etter å ha fjerna nokre knutar på stemmebanda. Ho har vunne fleire prisar og har mellom annna vorte nominert til Grammy-prisen tre gonger.

Bonnie Tyler
2016 Bonnie Tyler - by 2eight - DSC8647.jpg
Fødd8. juni 1951
FødestadSkewen
FødenamnGaynor Hopkins
AliasBonnie Tyler
OpphavStorbritannia
Aktiv1975–
Sjangerrock
Instrumentvokal
Stemmetypealt
PlateselskapRCA Records, Chrysalis, Columbia Records
Verka somsongar, låtskrivar, singer-songwriter, plateartist
PrisarSteiger Award
Bonnie Tyler under prøvane til Eurovision Song Contest 2013.

HitsEndra

Bonnie Tyler gav ut sin fyrste singel i 1975. I 1976 gav ho ut hit-en «Lost in France», og ho platedebuterte med The World Starts Tonight i 1977. Året etter kom ho ut med slageren «It's a Heartache» som vart populær både i Noreg og mange andre land. Suksessen til Bonnie Tyler heldt fram utover 1980-åra, då ho gav ut den kanskje aller mest kjende songen hennar, «Total Eclipse of the Heart» i 1983. Andre hits ho har hatt er «Bitterblue», «Fool's Lullaby» og «Sally Comes Around». Tyler sin suksess avtok noko utover 1990-åra, men ho har gjeve ut studioalbum heilt fram til i dag. Albumet Rocks and Honey frå 2013 har vorte hennar sekstande studioalbum.

EurovisionEndra

Den sjuande mars vart det kunngjort at Bonnie Tyler vart sendt for å representera Storbritannia i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö. Tyler vart utvald av ein intern BBC-jury, slik Engelbert Humperdinck vart utvald på same måten til Eurovision i Baku året før. Bonnie Tyler vil då framføra balladen «Believe in Me» i ein alder av 61 år. [1]

Liste over studioalbumEndra

  • The World Starts Tonight (1977)
  • Natural Force (1978)
  • Diamond Cut (1979)
  • Goodbye to the Island (1981)
  • Faster Than the Speed of Night (1983)
  • Secret Dreams and Forbidden Fire (1986)
  • Hide Your Heart (1988)
  • Bitterblue (1991)
  • Angel Heart (1992)
  • Silhouette in Red (1993)
  • Free Spirit (1995)
  • All in One Voice (1999)
  • Heart Strings (2003)
  • Simply Believe (2004)
  • Wings (2005)
  • Rocks and Honey (2013)

KjelderEndra

FotnotarEndra