Boogie with Stu

(Omdirigert frå Boogie With Stu)
Boogie with Stu
Song av Led Zeppelin
frå albumet Physical Graffiti
Utgjeve 24. februar 1975
Innspelt 1971
Sjanger Rock and roll
Lengd 3:54
Selskap Swan Song
Låtskrivar(ar) Page/Plant/Jones/Bonham/
Ian Stewart/Mrs. Valens

«Boogie with Stu» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Physical Graffiti, frå 1975. Han vart spelt inn under ein jam i 1971 i Headley Grange, der bandet spelte inn det meste av det fjerde albumet sitt. Dei nytta Rolling Stones Mobile Studio og hadde med seg turnemanageren og pianisten til Rolling Stones, Ian Stewart, som jamma med bandet på piano.[1]

I følgje Led Zeppelin-gitaristen Jimmy Page hadde songen aldri kome til om det ikkje hadde vore for den uformelle atmosfæren i Headley Grange det han vart spelt inn:

« Noko av det som skjedde der, som «Boogie With Stu» der Stu kjem inn og spelar piano er heilt utruleg. Det var for bra til å ikkje nytte høvet, fordi Stu spelte ikkje inn, han gjorde ikkje soloting. Alt dette ville ikkje kome med på albuma om det var opp til andre folk, men me ville ha det med.[2] »

Arbeidstittelen for songen var «Sloppy Drunk», ein tittel vokalist Robert Plant kom på.[1]

Plant spelar visstnok gitar på songen (og Jimmy Page mandolin).[3] Ein av gitarane vart lagt på sidan med ein ARP gitar-synth.[1]

Den endelege songen var basert på Ritchie Valens sin «Ooh, My Head».[1] Songen vart tilskriven «Page/Plant/Jones/Bonham/Mrs. Valens/Ian Stewart». Forlaget til Valens, Kemo Music, sakskøte bandet for brot på opphavsretten og det enda med forlik i retten.[4] Som Page forklarte:

« Me prøvde å tilskrive mora til Ritchie, fordi me høyrte ho aldri hadde fått nokre av honorara frå nokre av hittane til sonen, og Robert nytta noko av teksten hans. Så kva skjer? Dei saksøker oss alle for songen![5] »

Songen vart aldri framført på konsertane til Led Zeppelin.[1]

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  2. Phil Alexander, “Up Close & Personal”, Mojo februar 2010, s. 72.
  3. Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every song, by Chris Welch, ISBN 1-56025-818-7
  4. Lehmer, Larry. The Day the Music Died: The Last Tour of Buddy Holly, the Big Bopper and Ritchie Valens (2004): 166
  5. Brad Tolinski and Greg Di Bendetto, “Light and Shade”, Guitar World, januar 1998.