Borger Kristoffersson Hoen
gardbrukar og stortingsrepresentant
(Omdirigert frå Borger Christophersen Hoen)
Borger Kristoffersson Hoen (5. juni 1799–10. mai 1877) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Øvre Eiker i Buskerud. Kristoffer Borgersson Hoen var far hans, Olaus Borgersen Fjerdingstad son hans.
Borger Kristoffersson Hoen | |||
| |||
Fødd | 5. juni 1799 Øvre Eiker | ||
---|---|---|---|
Død | 10. mai 1877 (77 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Far | Christopher Borgersen Hoen | ||
Barn | Olaus Borgersen Fjerdingstad | ||
Alle verv |
|
Hoen var gardbrukar frå 1823 på Vollstad og frå 1827 på Hoen. Han kom med i det fyrste heradsstyret i 1838, og var medlem av dette fram til 1873. I åtte år var han ordførar. Elles forlikskommissær 1852-56 og i mange år styreformann i sparebanken.
Hoen var 3. representant frå Buskeruds amt på Stortinget i 1842. Han var då medlem av næringskomite nr 1. Også i 1845 møtte han på Stortinget, då som 1. varamann. Ved det høvet var han medlem av tollkomiteen.
Han døydde 1877 på garden sin i Øvre Eiker.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Borger Kristoffersson Hoen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv