Borger Kristoffersson Hoen

gardbrukar og stortingsrepresentant

Borger Kristoffersson Hoen (5. juni 179910. mai 1877) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Øvre Eiker i Buskerud. Kristoffer Borgersson Hoen var far hans, Olaus Borgersen Fjerdingstad son hans.

Borger Kristoffersson Hoen

Fødd5. juni 1799
Øvre Eiker
Død10. mai 1877 (77 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, bonde
FarChristopher Borgersen Hoen
BarnOlaus Borgersen Fjerdingstad
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1842–1844)
  • vararepresentant til Stortinget (1836–1838)
  • vararepresentant til Stortinget (1839–1841)
  • vararepresentant til Stortinget (1845–1847) Sjå dette på Wikidata

Hoen var gardbrukar frå 1823 på Vollstad og frå 1827 på Hoen. Han kom med i det fyrste heradsstyret i 1838, og var medlem av dette fram til 1873. I åtte år var han ordførar. Elles forlikskommissær 1852-56 og i mange år styreformann i sparebanken.

Hoen var 3. representant frå Buskeruds amtStortinget i 1842. Han var då medlem av næringskomite nr 1. Også i 1845 møtte han på Stortinget, då som 1. varamann. Ved det høvet var han medlem av tollkomiteen.

Han døydde 1877 på garden sin i Øvre Eiker.

Kjelder

endre