Borlänge kommun
Borlänge kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til Gagnefs kommun i vest, Leksands kommun og Falu kommun i nord, Säters kommun i søraust og Ludvika kommun i sørvest, alle i Dalarnas län. Administrasjonssenteret i kommunen er Borlänge.
Borlänge kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Dalarnas län | ||
Landskap | Dalarna | ||
Del av | Dalarna, Q61606267 | ||
Centralort | Borlänge | ||
Areal | 639 km² | ||
• land | 587 km² | ||
• vatn | 52 km² | ||
Folketal | 47 980 | ||
Folketettleik | 81 / km² | ||
Borlänge kommun 60°28′58″N 15°26′11″E / 60.482777777778°N 15.436388888889°E | |||
Kart som viser Borlänge kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Borlänge Municipality | |||
Nettstad: www.borlange.se |
Han inneheld ein del av det kuperte og skogkledde Bergslagsområdet i sør og sørvest, og ein del av Tunaslätten kring Dalälven i nordaust. Borlänge kommun har gamle industritradisjonar, men dei siste tjue åra har viktigskapen til industrien vorte mindre. Administrasjonsenteret Borlänge har likevel framleis nokre større industriføretak.
Administrativ historikk
endreBorlänge byrja sin «kommunale karriere» som namn på eit municipalsamhälle som vart innlemma i Stora Tuna kommun i 1891. I 1898 braut det ut av kommunen og Borlänge köping vart oppretta. I Stora Tuna vart det i 1925 innlemma endå eit municipalsamhälle, Domnarvet. Dette braut i 1929 ut til ein eigen kommune. Borlänge og Domnarvet vart i 1944 slått saman til Borlänge stad. Ved kommunereforma i Sverige frå 1952 gjekk Torsångs kommun inn i storkommunen Stora Tuna. I 1971 vart Borlänge igjen sameina med Stora Tuna og Borlänge kommun vart oppretta.
Kommunevåpenet
endreBlasonering: Eit skjold delt av eit band med ein sølvstraum. Oppe eit sølvfarga jernmerke på blå bakgrunn og nede ei sølvfarga ståande øks på raud bakgrunn.[1]
Dette våpenet vart fastsett av kongen 21. januar 1938 for Domnarvets landskommun. I 1942 fekk Borlänge köping eit våpen med ein våg og ein båt. Då Borlänge stad vart oppretta i 1944 var det Domnarvet sitt våpen som vart teke i bruk. Før kommunesamanslåinga i 1971 hadde også Stora Tuna og Torsång våpen, i likskap med dei fleste landskommunane i Dalarnas län. I byrjinga vart det brukt eit våpen med ein «B» og ei bølgje, men i 1978 vart det vedteke at ein skulle registrere det gamle byvåpenet for den nye kommunen.
Tettstader
endreDet er sju tettstader i Borlänge kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
Nr. | Tettstad | Folketal |
---|---|---|
1 | Borlänge | 39 422 |
2 | Ornäs | 1 094 |
3 | Torsång | 685 |
4 | Halvarsgårdarna | 347 |
5 | Idkerberget | 321 |
6 | Repbäcken | 230 |
7 | Norr Amsberg | 227 |
Kjelder
endre- ↑ «Medelst vågskuror två gånger av blått, silver och rött styckad sköld, i första fältet ett järnmärke och i tredje en balkvis ställd yxa, båda av silver».
- Denne artikkelen bygger på «Borlänge kommun» frå Wikipedia på svensk, den 7. mars 2009.