Opna hovudmenyen

Falu kommun

kommune i Dalarna len i Sverige

Falu kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til mange andre kommunar, både i Dalarnas län og Gävleborgs län. Centralorten i kommunen er Falun.

Falu kommun
kommune
Falun1.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Dalarnas län
Landskap Dalarna
Centralort Falun
Areal 2 288,32 km²
 - land 2 051,9 km²
 - vatn 236,42 km²
Folketal 55 220
Folketettleik 27 / km²
Falun Municipality in Dalarna County.png
Wikimedia Commons: Falun
Nettstad: www.falun.se

Aust og nord i kommunen er det store skogkledde moreneområde og vide myrmarker. I vest er det ein rikare flora, der ein mellom anna kan finne edellauvskog (lind, lønn, alm, hassel) rundt Våckelbergets naturreservat. Industrisektoren var tidlegare dominerande i området, men han er i dag erstatta av tenestenæringar som den største næringa. Falu kommun har fleire turistattraksjonar, mellom dei mest kjende er Falu gruve og Carl Larsson-gården i Sundborn.

Administrativ historieEndra

I det store samanslåingsåret 1952 skjedde det ikkje noko i området utanom at Aspeboda kommun vart slått saman med Stora Kopparberg. Det vart ikkje gjort forandringar med dei fem andre landskommunane og Falun stad. I 1967 vart Stora Kopparberg og Vika innlemma i Falun stad. Ved kommunereforma i 1971 vart Falu kommun oppretta gjennom at byen vart slått saman med landskommunane Bjursås, Enviken, Sundborn og Svärdsjö.

KommunevåpenetEndra

Blasonering: På gullfarga bakgrunn, ein oppstikkande raud krenelert mur frå kant til kant, og ovanfor tre ståande koparsymbol, alle i raudt.[1]

Det eldste seglet for byen Falun er frå 1642 og inneheld mellom anna eit koparteikn. Våpenet som er i bruk i dag vart laga på 1900-talet og vart fastsett av kongen i 1932. Etter kommuneopprettinga i 1971 vart det forenkla noko og registrert hjå Patent- och registreringsverket i 1988. Alle dei andre kommunane som var med på å utgjere den nye Falu kommun hadde også eigne våpen, og desse vart ugyldige.

TettstaderEndra

Det er elleve tettstader i Falu kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1 Falun 36 447
2 Bjursås 1 864
3 Grycksbo 1 781
4 Svärdsjö 1 288
5 Sundborn 751
6 Linghed 609
7 Sågmyra 578
8 Bengtsheden 556
9 Danboln 446
10 Vika 398
11 Toftbyn 274

KjelderEndra

FotnoteEndra

  1. «I fält av guld en uppskjutande från kant till kant gående krenelerad mur och däröver tre bjälkvis ordnade kopparsymboler, allt i rött.».