Botnhamn, til dagleg Botnhamna, er ei bygd i Senja kommune i Troms. Bygda ligg nord på øya Senja, på vestsida av Stønesbotn, ei fjordarm av Malangen. Fylkesveg 862 går gjennom Botnhamn, som ligg 30 km nordvest for Finnsnes.

Botnhamn

I Botnhamn er det ein skule for alle ti årstrinn. Bygda har også barnehage, aldersheim og ein kolonialhandel.

Om sommaren har Botnhamn ferjesamband med bygda Brensholmen på Kvaløya.

351 personar hadde postadresse 9373 Botnhamn i 2012.

Kjelder

endre