Bouabdellah Tahri

Bouabdellah Tahri (fødd 20. desember 1978) er ein fransk tidlegare mellom- og langdistanseløpar frå Metz. Han spesialiserte seg i 3 000 meter hinder og var i tida 2001-11 ein av dei beste i verda på øvinga. Tahri vann bronsemedaljen i hinderløpet under VM 2009, der han sette europarekord med 8.01,1.

Bouabdellah Tahri


Bouabdellah Tahri i Berlin i 2009

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 20. desember 1978 (45 år)
Metz
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2008 – 3000 meter hinder herrer, Friidrett under Sommer-OL 2004 – 3 000 meter hinder herrer, athletics at the 2000 Summer Olympics – men's 3000 metres steeplechase

Aktiv endre

Tahri var ein av verdas beste hinderløparar i tiåret frå verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton. I denne perioden vart han nummer 5, 5, 8, 5, 3 og i 4 verdsmeisterskapane, og han vart høvesvis fjerde-, tredje- og andremann i europameisterskapane, medan han i OL 2004 kom på sjuandeplass og i OL 2008 på femteplass.

Tahri gjorde sitt livs løp då han under verdsmeisterskapen i Berlin i august 2009 fylgde tre kenyanarar heilt inn til målstreken, og klarte splitte trioen med di han kneip bronsemedaljen på ny europarekord 8.01,1, ein rekord som gjeld ti år seinare. Den 29. juni 2010 presterte Tahri 8.03,7 i eit stemne i heimbyen Metz, årsbeste på 3 000 m hinder i verda det året.

Tahri sine personlege rekordar elles er 3,32,7 på 1500 meter, 13.12,2 på 5 000 m og 27.31,4 på 10 000 meter, alle oppnådd i tida 2011-14. Han la opp i 2016.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre