Opna hovudmenyen
Bouillabaisse

Bouillabaisse er ei sørfransk fiskesuppe[1] som opphavleg stammar frå området omkring Marseille i Provence.[2] Ein kan laga henne med ulike typar fisk, skaldyr, kvitvin, lauk, tomat, fennikel, olivenolje, appelsinskal, safran og krydderurter.

Ordet «bouillabaisse» er sett saman av fransk bouillir, 'koka' og abaisser, 'senka'. Den provençalske forma av ordet er bolhabaissa. Namnet viser til at ein først kokar opp suppa og sidan let henne småkoka.

Ein tradisjonell bouillabaisse skal innehalda minst tre ulike fiskeslag. Den klassiske oppskrifta inneheld raud skorpionfisk, havål og knurr.[3]

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. «bouillabaisse». Nationalencyklopedin. Henta 4 november 2016. 
  2. «bouillabaisse». Store norske leksikon (på norsk). 12. februar 2018. 
  3. «La bouillabaisse classique doit comporter les 'trois poissons': rascasse, grondin, congre.» Michelin Guide Vert -Côte dAzur, 1990, side 31

BakgrunnsstoffEndra