Havål
Havål
Havål
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Havål
Utbreiinga av Havål
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Overorden: Elopomorpha
Orden: Ålefisk Anguilliformes
Familie: Havålfamilien Congridae
Slekt: Conger
Art: Havål C. conger
Vitskapleg namn
Conger conger

Havål er ein stor ålefisk i havålfamilien. Han lever utelukkande i saltvatn, og finst frå Island og Trøndelagskysten til Senegal. Det er etter måten lite havål i norske farvatn.

Kjenneteikn endre

Havålen vert ofte forveksla med store ålar, men er vanlegvis mykje større og har overbitt. Det er funne hoer som er nesten 3 meter lange, hannen vert vanlegvis ikkje meir enn 1 m. Mange hevdar at havålen er opphav til mytar om sjøormar og liknande.

Havålen er mørkegrå på ryggen, stundom med eit skjær av brunt, med gråkvit underside. Han manglar bukfinnar og reist (skjel) og har særs små gjelleopningar. Augo er store og ovale, medan vanleg ål har små og heilt runde augo.

Levevis endre

Havål er vanlegast på steinbotn, men finst òg på sand. Dei lever stort sett på relativt grunt vatn (0-500 m), men det er funne eksemplar ned til 4000 m. Yngre individ lever grunnare enn vaksne.

Havålane jaktar om natta, hovudsakleg på fisk. Dei et òg noko blekksprut, krabbar, reker og muslingar.

Som mange andre ålefisk gyt havålen berre ein gong i livet. Alle havålar gjer dette på same stad: ved særs store djup vest i Middelhavet eller mellom Gibraltar og Asorane. Ei ho kan gyta opptil 8 millionar egg. Stort meir veit ein ikkje om korleis havålen formeirar seg.

Kjelder endre

  • Vøllestad, Leif Asbjørn: «Ålefisker» i Norges dyr - Fiskene 2 Cappelen 1992
  • FishBase