Bois de Boulogne eller Boulogneskogen er ein park i den vestlege delen av 16. arrondissement i Paris, i nærleiken av forstaden Boulogne-Billancourt.

Boulogneskogen

Boulogneskogen sett frå Eiffeltårnet.
Kart
Boulogneskogen
48°51′53″N 2°15′03″E / 48.864722222222°N 2.2508333333333°E / 48.864722222222; 2.2508333333333
Jardin d'Acclimatation

Boulogneskogen var ein kongeleg dyrepark frå 1400-talet, men blei opna for allmugen på 1600-talet. Staden blei gjort om til ein park av Napoleon III i 1852; i samband med dette blei han omforma av arkitekten Georges-Eugène Haussmann.[1] Parken dekkjer ca. 8,5 km². Dermed er han mykje større enn t.d. Central Park i New York eller Hyde Park i London.

I Boulogneskogen ligg ein zoologisk hage og dei store hestekappløpsbanane Longchamp og Auteuil.[2]

I den nordlege delen av Bois de Boulogne ligg fornøyelsesparken Jardin d'Acclimatation. Her ligg også tennisanlegget Stade Roland Garros.

Kjelder

endre
  1. Nationalencyklopedin multimedia plus, 2000 (uppslagsord Bois de Boulogne)
  2. Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 4, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1939, s. 844. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Boulogneskogen