Bourgetsjøen (fransk Lac du Bourget) er ein innsjø i Savoie i Frankrike. Han er den største og djupaste innsjøen i landet. Den viktigaste byen ved innsjøen er Aix-les-Bains. Chambéry, préfecture (hovudstad) i Savoie, ligg om lag 10 km sør for innsjøen. Innsjøen er kalla opp etter byen Le Bourget-du-Lac, som ligg ved sørenden av innsjøen. Han får vatn frå elva Leysse, og vatnet renn vidare ut i Rhône via Canal de Savières, ein kunstig kanal.

Bourgetsjøen
innsjø
Bourgetsjøen sett frå Aix-les-Bains
Land  Frankrike
Tilsig Leysse, Tillet, Sierroz
Utløp Canal de Savières
Nedslagsfelt 560 km²
Høgd over havet 231.5 moh.
Lengd 18 km
Breidd 3,5 km
Areal 44,5 km²
Middeldjupn 85 m
Største djupn 145 m
Volum 3,6 km³
Koordinatar 45°44′N 5°52′E / 45.733°N 5.867°E / 45.733; 5.867
Byar Aix-les-Bains, Le Bourget-du-Lac
Kart
Bourgetsjøen
45°44′00″N 5°52′00″E / 45.733333333333°N 5.8666666666667°E / 45.733333333333; 5.8666666666667
Wikimedia Commons: Lac du Bourget

Galleri

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Bourgetsjøen