Boys Do Cry

song frå 2022 med Marius Bear
«Boys Do Cry»
Song av Marius Bear

Land Sveits
Språk Engelsk
Utgjeve 8. mars 2022
Sjanger Pop
Lengd 02:57
Selskap Hi-Tea Records
Låtskrivar(ar) Marius Bear, Martin Gallop

«Boys Do Cry» (norsk omsetjing 'gutar græt') er ein popballade frå 2022 som vert framført av den sveitsiske songaren Marius Bear. Songen vart utgjeven 8. mars 2022 og er komponert av artisten sjølv, saman med Martin Gallop. Songen var det sveitsiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia, der han vart nummer 17 av 25 med 78 poeng.

Om songen endre

Melodien er komponert av songaren Marius Bear, som seier «Boys Do Cry» handlar om at alle mennesker opplever sorg og smerte, også menn. Bodskapen til songen er at man ikkje må oversjå kjensler, og at man må oppfordre kvarandre til å vere opne om kjensler og tankar.[1] I eit intervju fortalte Bear at: «Eg forsto veldig tidleg at eg ikkje treng å vere flau over kjenslene mine. Som mann er eg ikkje redd for å gråte, eller å blottleggje svakheitene mine for eit publikum».[1]

Bear skreiv «Boys Do Cry» saman med den sveitsiske låtskrivaren og musikkprodusenten Martin Gallop, og songen vart utgjeven 8. mars 2022 på den offisielle YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest.[1]

Bear leverte inn songen til kringkastaren SRG SSR som søkte etter bidrag til å representere Sveits i Eurovision Song Contest 2022.[2] Eit sjåarpanel beståande av 100 sveitsiske sjåarar, i tillegg til ein internasjonal jury på 23 medlemmar, kåra «Boys Do Cry» til vinnar i den interne utveljinga.[3][4]

Songen og artisten Marius Bear vart offentleggjorde som det sveitsiske bidraget 8. mars 2022.[5][6][7] «Boys Do Cry» kvalfiserte seg til finalen 14. mai 2022, der han enda som nummer 17 av 25 finalister. Songen fekk 0 poeng frå sjåarane, men 78 poeng frå juryane.[8]

Listeplasseringar endre

Liste (2022) Høgaste
plassering
  Litauen (AGATA)[9] 45
  Nederland (Single Top 100)[10] 30
  Storbritannia (UK Singles Chart)[11] 60
  Sveits (Schweizer Hitparade)[12] 32

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Boys do cry! Marius Bear will sing for Switzerland at Eurovision 2022». wiwibloggs (på engelsk). 8. mars 2022. Henta 9. mars 2022. 
  2. «English information: «Eurovision Song Contest» 2022». srf.ch (Press release) (på engelsk). SRG SSR. 15. september 2021. Henta 30. oktober 2021. 
  3. «English information: «Eurovision Song Contest» 2022». srf.ch (Press release) (på engelsk). SRG SSR. 15. september 2021. Henta 30. oktober 2021. 
  4. «Die ESC Fachjury». srf.ch (på tysk). SRG SSR. 14. desember 2021. Henta 4. februar 2022. 
  5. SRF Eurovision Song Contest [@srfesc] (1. mars 2022). «Mark March 8, 2022, in your calendars. #Eurovision #ESC2022 #Switzerland #SRF» (Tweet). Henta 1. mars 2022 – via Twitter. 
  6. «Marius Bear défendra la Suisse avec «Boys Do Cry» à l'Eurovision Song Contest 2022». rts.ch (på fransk). RTS. 8. mars 2022. Henta 8. mars 2022. 
  7. «Switzerland: Marius Bear will take 'Boys Do Cry' to Eurovision 2022 🇨🇭». Eurovision.tv (på engelsk). 8. mars 2022. Henta 9. mars 2022. 
  8. «Results of the Grand Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022. 
  9. «2022 20-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 20. mai 2022. Henta 20. mai 2022. 
  10. «Dutch Single Tip 21/05/2022». dutchcharts.nl (på nederlandsk). Henta 20. mai 2022. 
  11. «Official Singles Downloads Chart Top 100». www.officialcharts.com. Henta 21. mai 2022. 
  12. «Marius Bear – Boys Do Cry». Henta 22. mai 2022.