56°19′19.582″N 16°2′50.716″E / 56.32210611°N 16.04742111°E / 56.32210611; 16.04742111

Brömsehus, utsikt mot Kalmar sund over vollgrava
Foto: Boatbuilder
Utsikt frå vollgrava mot festningshøgda
Foto: Boatbuilder

Brømsehus var ei dansk festning, som truleg vart oppført av Valdemar Atterdag omkring 1360 ved munninga til Brømsebekken i Blekinge. Kong Valdemar trong ein stad der han kunne overvake den viktige seglleia i Austersjøen og kystvegen på land frå. Brømsehus vart difor ei viktig grensefestning mellom det dengong danske Blekinge og Sverige.

Borga låg på ein banke med utsikt til Kalmarsund med Öland og var forskansa med fleire vollgraver. Ho vart erobra og brent av svenskane under Engelbrektsopprøret. Det finst framleis restar av festningsverka, og desse har ikkje tidlegare vorte undersøkt arkeologisk.

Ved Brømsebro om lag 800 meter lenger opp i bekken møttest Gustav Vasa og Kristian III ved fredssamtalane i 1541. Nesten hundre år seinare, i 1645, forhandla kong Kristian IVs svigerson Corfitz Ulfeldt og rikshoffmeisteren Axel Oxenstierna om fred på same stad, det som vart kjend som Freden i Brömsebro.

Kjelder endre