Bran Ruz
Bran Ruz er eit teikneseriealbum laga av den franske teiknaren Claude Auclair og tekstforfattaren Alain Deschamps. Serien vart laga mellom 1979 og 1981, og vart først utgjeven som føljetong i tidsskriftet A Suivre. Serien er sidan omsett til norsk. Han er rekna til den franske episke tradisjonen. Serien er teikna i reinskore svart-kvitt.
Handling
endreSerien går føre seg i Bretagne (heimområdet til Auclair), og rammeforteljinga skildrar ein bretonsk nattefest (Fest Noz), der sjølve hovudsoga blir fortald i form av ein bretonsk ballade, sungen av to forsongarar (Kan ha diskan). Denne bolken er skriven dels på bretonsk, dels på fransk eller dei språka serien er omsett til.
Hovudhandlinga i boka fortel om Bran Ruz (Raude Ramn), son av ei aremorikansk kvinne på 300-talet. Her er det fortald korleis landet nyss er hærteke av kymriske hovdingar, og lagt under kong Gradlon, som er kristen. Gradlon rår Aremorika frå byen Ys (den låge byen), som ligg ved havsbarden. Det er fortald korleis kvinnene i landet har mist språket sitt, og lever utan tunger, for at kulturen og språket i landet skal døy. Kongen valde sjølv ei jente frå folket der som frille, og ho er mor til dotter hans, Dahud. Sjølv døydde ho og bannsette Gradlon og ætta hans.
Bran fangar fiskekongen, som lovar han makt og evner om han blir sett fri. Bran, som elles er namnlaus, tek imot gåva, og blir trollkunnig. Med desse emnene vinn han snart fram til kongsdottera, og saman flyr dei frå kristen påverknad til dei keltiske druidane, og reiser opprørsfane mot kongen. Her vinn han namnet Bran Ruz. Før har han berre vore kalla "den raude". Bran vinn soleis kongsdottera og halve kongeriket. Motstandaren hans er den kristne munken Gwenolè, som trår etter Dahud, samstundes som han refsar laus livnad i byen. Mot slutten er det og Gwenolè som opnar demningane så byen søkker i havet. Gradlon overlever med sonen til Dahud, som døyr liten. Han lever dei siste åra sine i eit kloster i Bretagne.
Tema
endreTeikneserien tek opp i seg mange element av keltisk mytologi og soge, både bretonsk og goidelisk. Heltar som Lug og Cú Chulainn er nemnde, i tillegg til det bretonske sogetilfanget. Mot slutten avdekkjer Auklair og prosjektet sitt: «Ys er det sokne Bretagne, utnytta og selt til franske turistar». Det finst eit sterkt element av bretonsk kulturnasjonalisme i forteljinga (med ei lita von om at Ys skal hevjast opp i den stunda motsetnaden, det franske Paris endeleg søkker).
Rammeforteljinga nemner og kampen mot det planlagde atomkraftverket i Plogoff, som vakte stor harme i Bretagne. Slike overgrep frå det franske storsamfunnet er den politiske bakgrunnen for teikneserien. Plogoff-aksjonen gjekk føre seg om lag samstundes med Alta-aksjonen (kring 1980). I rammeforeljinga finn ein og ei jente, ei mor og ei bestemor, der særskilt jenta tolkar segna om Dahud inn i klåre feministiske rammer: "Den drukna Dahud, det er alle dei kvinnene i Plogoff som politiet tvingar til å teia, deg, mor, og du, bestemor", seier ho mot slutten av teikneserien. Dahud er og identifisert med aktivisten Anne Kerval.
Elles finn ein tematisering av kamp mellom kristendom og heidendom, der kristendomen tykkjest vera nytta som legitimering av eit undertrykkande system. Religionen er påført lokalfolket av inntrengjarane frå Britannia under Conan Meriadec og Gradlon. Dei som følgjer den gamle paganismen er rekna som slavefolk. Den som preikar hardast for dette kristendomssynet er sankt Winwaloe (Gwenolé). Ein merker seg og at dei som er rekna som kristne i soga (den kymriske overklassa i Ys), ikkje er stort meir enn barbarar, dei heller, og at bodskapen ikkje har sokke ned i dei. Slutten av soga endar som ei fredsslutning mellom biskopen Kawrantin, som er ein godhjarta mann, og druiden Kian, etter at Gradlon er daud. Element av opphavleg irsk mytologi er tydeleg til stades i forteljinga.
Eventyrmotiv
endreGrunnforteljinga er i røynda eit folkeeventyr, som finst i AaTh-katalogen som nr AT 675, "Den dovne guten". Ein variant som er skriven ned i Agder fortel langt på veg den same soga: Ein gut som er lite tess fangar ein fisk som lovar å oppfylle alle ønska hans. Han møter ei kongedotter som ler av han, og han ønskjer at ho blir fremmeleg. Etter dette blir dei båe jaga frå kongsgarden.
Historiske personar
endre- Gradlon, kongen av Ys, seinare av Quimper.
- Sankt Gwenolé, son av Fracan, brorson av kongen.
- Corentin av Quimper, her kalla biskop av Aquilonia, under namnet Kawrantin.