Brattvåg kyrkje
Brattvåg kyrkje er ei rektangulær arbeidskyrkje frå 1977 i Ålesund kommune i Møre og Romsdal fylke. Byggverket er i mur og har 650 sitjeplassar. Arkitekt for kyrkja var Aksel Fronth.[1]
Brattvåg kyrkje | |||
Brattvåg kirke | |||
Brattvåg kyrkje
Foto: Henny Stokseth | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Ålesund | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Nordre Sunnmøre | ||
Sokn | Brattvåg | ||
Fellesråd | Haram | ||
Arkitekt | Aksel Fronth | ||
Innvigd | 1977 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 650 | ||
Brattvåg kyrkje 62°36′07″N 6°26′29″E / 62.6019°N 6.4414°E | |||
Wikimedia Commons: Brattvåg Church |
Av Våre kirker - norsk kirkeleksikon går det fram at kyrkja har eit moderne glasmosaikkbilete av Fronth og Annar Millidahl som gjer nytte som altartavle.[2] Kyrkja har òg andre glasmåleri av arkitekten og Millidahl. Preikestol og døypefont er i tre frå 1977 og orgelet frå Vestre orgel- og pianofabrikk.
Kjelder
endre- ↑ «Brattvåg kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- ↑ Alf Henry Rasmussen (1993). «Brattvåg kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 297. ISBN 82-75-27022-7.
Bakgrunnsstoff
endre- Haram kyrkjelege fellesråd
- Brattvåg kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren