Brennmanet

art av brennmanet
Brennmanet
Brennmanet
Brennmanet
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Nesledyr Cnidaria
Underrekkje: Medusozoa
Klasse: Stormaneter Scyphozoa
Orden: Skivemaneter Semaeostomeae
Familie: Cyaneidae
Slekt: Cyanea
Art: Brennmanet C. capillata
Vitskapleg namn
Cyanea capillata

Brennmanet (Cyanea capillata) er ei stor manet som lever nord i Atlanterhavet, Stillehavet og Nordishavet. Ho kan bli opptil 2 meter i diameter, og er det største kjende nesledyret. Dei største eksemplara lever i arktiske strok.[1] Bortsett frå glasmaneta er brennmaneta den vanlegaste maneta i norske farvatn.[2]

Langs norskekysten finst det to arter av brennmanet. I tillegg til den vanlege eller raude brennmaneta finn ein også blå brennmanet (Cyanea lamarckii), helst langs kysten av Sør-Noreg.[2]

Brennmaneta er oftast gul til raud eller brungul i farge, og er utstyrt med lange tentaklar som kan bli over 20 meter lange. På desse har ho nesleceller som inneheld nervegifter som lammar byttedyr.[1]

Brennmaneter lever om lag i eit år.[1] Dei første eksemplara dukkar opp om våren og veks raskt utover sommaren. I juli-august formeirar dei seg, og larvane klekkjer kort tid etter. Desse fester seg til botnen og lever fastsitjande som polyppar. Manetene døyr om hausten og vinteren, men polyppane overlever og slepp ut nye maneter neste vår.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Sømme, Lauritz S. (12. januar 2023). «brennmanet». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Tema: Brennmanet». Havforskningsinstituttet. 13. april 2021. Henta 30. april 2023. 

Bakgrunnsstoff endre