Brett Young (fødd 23. mars 1981) er ein USA-amerikansk country-pop-songar, låtskrivar og gitarist frå Orange County i California.[1]

Brett Young

Fødd23. mars 1981 (43 år)
FødestadAnaheim
OpphavUSA
Aktiv2007–
Sjangercountry
PlateselskapRepublic Nashville
Verka somlåtskrivar, songar, songar-låtskrivar, plateartist

Han var baseball-pitcher i a college, men måtte gje seg etter ein olbogeskade, og byrja skriva songar medan han kom seg.[2]

Debut-EP-en hans, Brett Young, var produsert av Dann Huff, og kom ut på Republic Nashville 12. februar 2016.[3][4] Hovudsingelen frå albumet, «Sleep Without You», kom ut 11. april. Han hadde ein stor hitt med den neste singelen, «In Case You Didn't Know». Han gav ut det andre albumet sitt på eit større merke, Ticket to L.A., i 2018, og det tredje, Weekends Look a Little Different These Days, i 2021.

Utgjevingar

endre

Album

endre
  • Brett Young (2012)
  • On Fire (2013)
  • Broken Down (2013)
  • Brett Young (2017)
  • Ticket to L.A. (2018)
  • Weekends Look a Little Different These Days (2021)
  • Across the Sheets (2023)

Singlar

endre

(utval)

Kjelder

endre
  1. Mastrogiannis, Nicole (13. april 2016). «INTERVIEW: Five Things Brett Young Does When He 'Can't Sleep Without You'». 94.7 WDSD. Arkivert frå originalen 6. august 2016. Henta 5. mai 2016. 
  2. Littman, Margaret (1. mars 2016). «10 New Country Artists You Need to Know: March 2016». Rolling Stone. Henta 5. mai 2016. 
  3. Laffer, Lauren (February 12, 2016). «Newcomer Brett Young Debuts Self-Titled EP». Sounds Like Nashville. Henta 5. mai 2016. 
  4. Dukes, Billy (March 23, 2016). «Brett Young Is Nothing But Honest on New 'Brett Young' EP». Taste of Country. Henta 5. mai 2016. 
  5. «Brett Young Chart History - Hot Country Songs». Billboard. Henta 24. mars 2020. 

Bakgrunnsstoff

endre