Brevikbanen er ei jernbanestrekning på rundt ti kilometer som går frå Eidanger til Brevik i Telemark. Banen vart opna i 1895 med sporvidde 1067mm, lagt om til normalspor i 1921. Persontrafikken vart lagt ned i 1968. Sidan persontoga forsvann har berre kalktog til Norcems sementanlegg ved Ørvik, og annan godstransport trafikkert banen. Desse toga har gått sidan 1970-talet, og har vore spennande å sjå på for jernbaneentusiastar. Eldre lokomotiv som El 8, El 11 og El 13 har vore fast trekkraft på banen, og det vart brukt eit lok i kvar ende, dei siste åra eit lok i Brevikenden og ein skd (skiftetraktor) i Porsgrunnenden. I 2007 vart El 14 og Skd 226 nytta i denne trafikken. Sommaren 2008 gjekk det ein Skd 224 i Porsgrunnsenden.

Brevikbanen
Planovergang i Hagerup Knutsons veg.
Info
Type Jernbane
System normalspora bane
Utgangsstasjon Eidanger
Endestasjon Brevik
Drift
Opna 1895 (1067 mm spor)
Normalspor 1921
Eigar jernbaneverket
Type trafikk gods
Teknisk
Lengde 10,0 km
Brevikbanen ved Eidangerfjorden.
«Kalken» som trafikkerer Brevikbanen.

I 1993 blei Grenlandsterminalen bygd ved Brevikbanen, og ein la eit jernbanespor til denne. Trafikken på dette sporet har vore særs liten, i drift ei kort stund i 2000. I 2009 hadde selskapet NorthSea Terminal prøvedrift med tomme containerar til terminalen. Det har òg vore importert nye lokomotiv via terminalen.

Strekning med tidlegare stoppestader endre

Teiknforklaring
  Bratsbergbanen frå Porsgrunn
  km 192,60 Eidanger (1882) 39 moh.
    Vestfoldbanen til Larvik
  Prestemoen (ca. 12 m)
  Prestealléen
  km 194,83 Prestealléen (1933)
  Armund Tvetens vei (ca. 10 m)
  Granatveien (ca. 12 m)
  km 195,35 Nystrand (1895) 38 moh.
  km 196,30 Mule (1933)
  Malmv.
  km 196,67 Bru over   (23m, 1992)
  km 196,86 Bru over   arm (gamle E18,34m)
  Østvedtveien (ca. 8 m)
  km 197,21 Skjelsvik (1895) 30 moh.
  Hvalenvn.
  Hagerup Knutsons v. plo
  km 198,10 Valen (1933)
  Fjordgløttveien arm (ca. 8 m)
  Fjordgløttv. plo
  Bryggeveien (ca. 7 m)
  km 199,65 Heistad (1895) 12 moh.
  Brønnløkkaveien
    km 200,16 Tangenkai sidespor
    (ca. 350 m)
    km 200,84 Ørvik (oppr. Cementen) (1923) 23 moh.
    Grenlandsterminalen (1993)
  354 Breviksvegen
      km 201,05 Norcem (1975)
 
  km 201,60 Dalen (1933)
  Privatveg Norcem (ca. 20 m)
  Privatveg Norcem (ca. 7 m)
  km 201,94 Trosvik (21m)
  Trosvikveien (ca. 7 m)
  resten av sporet er fjerna
  km 202,62 Brevik (1895) 12 moh.

Kjelder endre