Brewsteritt
Brewsteritt er eit relativt sjeldan mineral i zeolittgruppa. Den kjemiske formelen er (Sr,Ba)2Al4Si12O32·10H2O.
Brewsteritt | |||
Brewsteritt-Sr frå Yellow Lake i Olalla i British Columbia i Canada | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Zeolitt | ||
Kjemisk formel | (Sr,Ba)2Al4Si12O32·10H2O | ||
Strunz-klassifisering | 09.GE.20 | ||
Identifikasjon | |||
Glans | glasaktig |
Mineralet er kalla opp etter sir David Brewster (1781–1868) som skildra det i 1822. Typelokaliteten for serien og for brewsteritt-Sr er Strontian i Argyll i Skottland.
Det opptrer i sølvførekomstane på Kongsberg saman med harmotom.
Kjelder
endre- Brewsteritt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/brewsteritt.