Brian Connolly
britisk songar
Brian Francis Connolly (5. oktober 1945–9. februar 1997) var ein skotsk songar-låtskrivar, musikar og skodespelar, mest kjend som frontmann og songar i glamrockbandet The Sweet mellom 1968 og 1979.[1]
Brian Connolly | |||
| |||
Fødd | 5. oktober 1945 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Govanhill i Glasgow i Skottland | ||
Død | 9. eller 10. februar 1997 (51 år)[1] | ||
Dødsstad | Slough i England | ||
Fødenamn | Brian Francis Connolly | ||
Opphav | Harefield i England | ||
Aktiv | 1963–1997 | ||
Sjanger | Glamrock, hardrock, tyggegummipop, countryrock | ||
Instrument | bass, gitar, tangentinstrument, vokal | ||
Stemmetype | tenor | ||
Tilknytte artistar | The Sweet | ||
Plateselskap | Polydor, Carrere, RCA | ||
Verka som | Musikar, songar-låtskrivar, skodespelar |
Connolly song i Sweet frå bandet vart skipa. I 1974 vart han hardt skadd i ein slosskamp på ein nattklubb i Staines og skadde halsen så pass at han ikkje kunne syngje på ei stund og permanent mista noko av rekkjevidda i røysta si. Connolly sleit òg med alkoholisme i midten av 1970-åra, og i 1979 vart han kasta ut av bandet.
I 1980-åra starta Connolly opp sin eigen variant av The Sweet, som han hadde fram til han døydde i 1997. Han gav òg ut soloalbum.
Diskografi
endreMed Sweet
endre- For meir om dette emnet, sjå diskografien til Sweet.
Som Brian Connolly
endreSinglar
endre- «Take Away the Music» med «Alabama Man» (1980) – Polydor Records
- «Don't You Know a Lady» med «Phone You»(1980) – Polydor Records
- «Hypnotized» med «Fade Away» (1982) – Carrere Records, RCA Records
Album
endre- Brian Connolly and The Sweet – Greatest Hits (1986) – nyinnspelingar av Sweet-singlar – Success Records
- Let's Go (1995) – nyinnspelingar av Sweet-songar og tre nye songar – Bam Records
- Take Away the Music (2004) – samleplate med solosinglar og demoar – Malibu Records
Deltek på
endre- Closed (belgisk psykedelisk band) – vokal på «My Little Girl From Kentucky» og «Spider»
- «Remember December» av Paper Dolls – korvokal (1970)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Brian Connolly» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Brian Connolly - Sweet No More». New Straits Times. s. 23. Henta 9. februar 2018.