Brigita Bukovec (fødd 21. mai 1970) er ein slovensk tidlegare friidrettsutøvar frå Ljubljana som vann sølvmedaljen på 100 meter hekk både under Sommar-OL 1996 og Friidretts-EM 1998.

Brigita Bukovec


Statsborgarskap Slovenia, Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia
Fødd 21. mai 1970 (53 år)
Ljubljana
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Utmerkingar

Bloudek-prisen, Bloudek badge, Årets idrettsutøver i Slovenia, Slovenian Woman of the Year Award

Aktiv endre

1989-91 vart Brigita Bukovec årleg jugoslavisk meister på 100 meter hekk. Der etter vann ho kvart år frå 1992 til 1997 øvinga i den slovenske meisterskapen i friidrett, då Slovenia var vorte sjølvstendig.

Ved europameisterskapen i Helsinki i august 1994 kom Bukovec på fjerdeplass med 13,01 sekund, åtte hundredels sekund unna medalje, derimot sigra ho i øvinga ved Goodwill Games. Våren 1995 fekk ho bronse ved hall-VM i Barcelona på tida 7,93, 0,01 sekund attom vinnaren Aliuska López frå Cuba og toaren Olga Sjisjigina frå Kasakhstan.

I hall-EM 1996 i Stockholm fekk Bukovec notert 7,90 sekund og vart atter slått med ein hundredels sekund av vinnaren, her Patricia Girard frå Frankrike. Under dei olympiske sommarleikane i Atlanta gjorde Bukovec sitt livs beste hekkeløp. Tida 12,59 sekund var slovensk rekord og sikra henne sølvmedaljen på korthekken. Ludmila Engquist som representerte Sverige tok gull, nemnde Patricia Girard fekk bronsen. I VM 1997 i Aten enda Bukovec opp på fjerdeplass med sine 12,69 sekund. Under europameisterskapen 1998 i Budapest sprang Bukovec i mål på 12,65 sekund og tok sølvmedaljen, klart slått av Svetla Dimitrova frå Bulgaria.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre