Brilliant Live Adventures

Brilliant Live Adventures [1995–1999]
Plateboks av David Bowie
Utgjeve 30. oktober 2020–2. april 2021
Innspelt 1995–1999
Sjanger Rock, kunstrock, industriell rock, elektronisk rock
Selskap Parlophone
Produsent David Bowie
David Bowie-kronologi 
I'm Only Dancing (The Soul Tour 74)
(2020)
Brilliant Live Adventures [1995–1999] Brilliant Adventure (1992–2001)
(2021)
Plateboksar av David Bowie-kronologi
Conversation Piece
(2019)
Brilliant Live Adventures [1995–1999] Brilliant Adventure (1992–2001)
(2021)


Brilliant Live Adventures [1995–1999], ofte berre kalla Brilliant Live Adventures, er ein plateboks av den engelske musikaren David Bowie, gjeven ut plate for plate frå seint i 2020 til tidleg i 2021 som ein serie på seks konsertalbum henta frå ulike konsertar framført under turneane for 1. Outside (1995), Earthling (1997) og Hours (1999). Plateboksen, kalla opp etter Hours-songen «Brilliant Adventure»,[1] inneheld ein miks av ein ofte redigerte enkelkonsertar og samlingar frå fleire konsertar.

Dei første trykka av konsertane selde ut raskt,[2] så selskapet Parlophone måtte trykke ein ny ladning slik at fleire av fansen kunne kjøpe samlinga på CD og vinyl.[3]

Første album: Ouvrez le Chien (Live Dallas 95) endre

 
Bowie i 1995

CD- og vinylutgåva av Ouvrez le Chien kom ut 30. oktober 2020.[4] Men albumet var alt gjort tilgjengeleg på strøymetenester i juli 2020. Albumet vart spelt inn 13. oktober 1995 i Starplex Amphitheatre i Dallas under Outside-turneen. Albumet er ikkje eit komplett show. Fem av songane, «Subterraneans», «Scary Monsters (And Super Creeps)», «Reptile», «Hallo Spaceboy» og «Hurt» som Bowie framførte i lag med Nine Inch Nails er ikkje med. «Ouvrez le Chien» er ein del av teksten til songen «All the Madmen» frå 1970, som han repeterte i songen «The Buddha of Suburbia» i 1993. Under turneen hang eit skilt med denne teksten over scenen.[5]

Andre album: No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95) endre

Det andre albumet i serien, No Trendy Réchauffé, vart annonsert 9. november 2020. Den fysiske plata kom ut 20. november 2020 og vart gjort tilgjengeleg for strøyming 12. mars 2021.[6] Albumet vart spelt inn 13. desember 1995 i Big Twix Mix Show i National Exhibition Centre (Hall 5) i Birmingham i Storbritannia og presenterer eit noko forkorta festival-liknande sett. «No Trendy Réchauffé» er ein del av teksten til Bowie-songen «Strangers When We Meet» frå 1993, som finst på albumet.

Tredje album: LiveAndWell.com endre

 
Bowie under Earthling-turneen i 1997.

Det tredje albumet er ei nyutgjeving av albumet LiveAndWell.com frå 1999. Det vart annonsert 11. desember 2020 og kom ut 15. januar 2021.[7] Albumet inneheld songar Bowie spelte inn under Earthling-turneen i 1997 på forskjellige konsertar.[7] Dette er den fjerde utgjevinga av dette albumet. Det var først berre tilgjengeleg for medlemmar av BowieNet i 1999.[8] Ei anna utgåve kom i 2000 med ei bonusplate som inneheld fire remiksar. Den tredje kom ut digitalt den 15. mai 2020 utan desse remiksane, men «Fun»-remiksen kom ut på separat digitalt. Den fjerde utgjevinga inneheld heller ikkje desse remiksane.

Fjerde album: Look at the Moon! (Live Phoenix Festival 97) endre

29. januar 2021 vart dette albumet annonsert og gjeve ut 12. februar 2021.[9] Look at the Moon! er ei innspeling av konserten til Bowie på Phoenixfestivalen i Long Marston i England den 20. juli 1997. Konserten var frå Earthling-turneen. Det var første utgjevinga av Laurie Anderson-songen «O Superman» (1981) med Gail Ann Dorsey på solovokal.[10]

Femte album: Something in the Air (Live Paris 99) endre

Something in the Air (Live Paris 99) vart annonsert 24. februar 2021 og kom ut 12. mars.[11] Konserten var ein del av den korte Hours-turneen, som vart spelt inn 14. oktober 1999 i Elysée Montmartre i Paris.[12] Something In The Air har vore tilgjengeleg digitalt sidan 2020, men dette var første gongen albumet kom ut på fysisk format.

Sjette album: David Bowie At The Kit Kat Klub (Live New York 99) endre

David Bowie at the Kit Kat Klub (Live New York 99) vart annonsert 17. mars 2021 og kom ut 2. april 2021.[13] Konserten vart spelt inn under den korte Hours-turneen og vart spelt inn og filma den 19. november 1999 føre inviterte fans og konkurransevinnarar. Innspelinga vart sendt på Internet 7. desember 1999 som ein del av American Express Blue Concert-serie via Liveonline.net og lydopptaka vart kringkasta av SFX Radio same dagen. Ei redigert utgåve av opptaket kom ut offisielt i 1999 som ein 12-spors promo-CD og tre av songane frå konserten: «Seven», «Something in the Air» og «The Pretty Things Are Going to Hell», kom ut på CD-singelen «Seven» (2000). Kjelda til denne plata er promo-CD-en og er ei forkorta utgåve av konserten. Fem av songane frå konserten er ikkje med på albumet: «Drive In Saturday», «Cracked Actor», «Ashes to Ashes», «Repetition» og «Rebel Rebel».[13]

Kjelder endre

  1. Pegg 2016, s. 50.
  2. «Brilliant Live Adventures update». 31. mars 2021. Henta 24. mai 2021. [daud lenkje]
  3. «Brilliant Live Adventures update». 24. mai 2021. Henta 24. mai 2021. 
  4. «Ouvrez Le Chien out now». 30. oktober 2020. Henta 23. desember 2020. 
  5. Pegg 2016, s. 19.
  6. Blistein, Jon (9. november 2020). «David Bowie's 'Brilliant Live Adventures' Set to Continue With 'No Trendy Réchauffé'». Henta 30. september 2021. 
  7. 7,0 7,1 «BLA Part 3 - LIVEANDWELL.COM». 11. desember 2020. Henta 30. september 2021. 
  8. Moore, Sam (15. mai 2020). «Listen to David Bowie’s ‘LiveAndWell.com’ live album as it makes major streaming debut». Henta 30. september 2021. 
  9. «BLA part 4 – Look At The Moon! (Live Phoenix Festival 97)». 29. januar 2021. Henta 29. januar 2021. 
  10. Kreps, Daniel (29. januar 2021). «David Bowie’s 'Brilliant Live Adventures' Series Continues With 1997 Festival Gig». Henta 29. januar 2021. 
  11. «BLA Part 5 – Something In The Air (Live Paris 99) Pre-order Friday». 24. februar 2021. Henta 24. februar 2021. 
  12. «Ch-Ch-Ch-Changes: David Bowie’s 'Brilliant Live Adventures' Series Continues with 'Live Paris 99'». 24. februar 2021. Henta 24. februar 2021. 
  13. 13,0 13,1 «BLA Part 6 – David Bowie At The Kit Kat Klub (Live New York 99)». 17. mars 2021. Henta 17. mars 2021.