No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95)
No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95) Konsertalbum av David Bowie | ||
Utgjeve | 20. november 2020 | |
Innspelt | 13. desember 1995 | |
Spelestad | National Exhibition Centre, Birmingham England | |
Selskap | Parlophone | |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
Ouvre le Chien (Live Dallas 95) (2020) |
No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95) | LiveAndWell.com (2021)
|
No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95) er eit konsertalbum av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut 20. november 2020. Konsertopptaket på albumet er frå ein konsert den 13. desember 1995 i National Exhibition Centre (Hall 5) i Birmingham i England, kalla Big Twix Mix Show, der òg Alanis Morissette, Lightning Seeds og Echobelly spelte som oppvarmingsartistar. Konserten vart filma av BBC TV og utdrag vart kringkasta seinare. To songar frå konserten, «Under Pressure» og «Moonage Daydream», vart gjevne ut som B-sider til Bowie-singelen «Hallo Spaceboy» i 1996[1] i tillegg til bonusspor på konsertalbumet Ouvre le Chien (Live Dallas 95), som kom ut nokre månader før. Seint i 2020 vart det annonsert at heile konserten til Bowie kom til å kome ut på No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95).[2]
Konserten inneheld to framføringar av «Hallo Spaceboy». Den eine av desse var meint å nyttast som video for den offisielle singelen, men dette vart skrinlagd då Pet Shop Boys remiksa singelen i staden.[3] Bowie-biografen Nicholas Pegg kalla albumet «heilt fantastisk. Stramme, presserande, muskuløse versjonar av «Scary Monsters», «Hallo Spaceboy», «The Voyeur», «Oxford Town». Kanskje det beste bandet han nokon sinne hadde.»[4] «No trendy réchauffé» er ei lita tekstlinje henta frå songen «Strangers When We Meet», som var med på setlista til konserten. Albumet kom òg ut i plateboksen Brilliant Live Adventures.[5]
No Trendy Réchauffé nådde 43. plassen på den skotske albumlista.[6]
Innhald
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Look Back in Anger» | 4:43 |
2. | «Scary Monsters (And Super Creeps)» | 5:19 |
3. | «The Voyeur of Utter Destruction (as Beauty)» | 5.07 |
4. | «The Man Who Sold the World» | 3:38 |
5. | «Hallo Spaceboy» | 5:19 |
6. | «I Have Not Been to Oxford Town» | 4:21 |
7. | «Strangers When We Meet» | 5:00 |
8. | «Breaking Glass» | 3:52 |
9. | «The Motel» | 6:30 |
10. | «Jump They Say» | 3:37 |
11. | «Teenage Wildlife» | 6:40 |
12. | «Under Pressure» | 4:32 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
13. | «Moonage Daydream» | 5:37 |
14. | «We Prick You» | 4:21 |
15. | «Hallo Spaceboy (version 2)» | 6:17 |
Medverkande
endre- David Bowie – vokal
- Reeves Gabrels – gitar
- Carlos Alomar – gitar, korvokal
- Gail Ann Dorsey – bassgitar, vokal
- Zack Alford[7] – trommer
- Mike Garson – piano
- Peter Schwartz – synthesizer, musikalsk leiar
- George Simms – korvokal, klaverinstrument
Kjelder
endre- ↑ «David Bowie’s ‘Ouvrez Le Chien’ Live Album Set for Streaming Release». 25. juni 2020. Henta 16. september 2021.
- ↑ «David Bowie’s 'Brilliant Live Adventures' Set to Continue With 'No Trendy Réchauffé'». 15. september 2021. Henta 16. september 2021.
- ↑ Blistein, Jon (15. september 2021). «David Bowie's 'Brilliant Live Adventures' Set to Continue With 'No Trendy Réchauffé'». Henta 17. september 2021.
- ↑ @nicholaspegg (19. desember 2020). «In happier news, I’m now playing the new live Bowie album No Trendy Réchauffé, recorded at the Birmingham NEC in 1995.» (Tweet). Henta 17. september 2021 – via Twitter.
- ↑ «David Bowie Brilliant Live Adventures Six Album Series Kicks Off October 30». 2. oktober 2020. Henta 224. august 2021.
- ↑ «Official Scottish Albums Chart Top 100 15. september 2021 - 03. desember 2020». 4. desember 2020. Henta 16. september 2021.
- ↑ Discogs - Zachary Alford - (profile & discography)