Brimin Kipruto
Brimin Kiprop Kipruto (fødd 31. juli 1985) er ein kenyansk hinderløpar frå Keiyo-distriktet i det vestlege Kenya. Han vann VM-gull på 3000 meter hinder i 2007, og OL-gull i same øvinga året etter. 23. juli 2011 sette Kipruto personleg rekord i hinder med 7.53,64, eitt hundredels sekund bakom verdsrekorden.
Brimin Kipruto | |
Kipruto på Bislett stadion i 2011 Foto: C. Hill
| |
Statsborgarskap | Kenya |
Fødd | 31. juli 1985 (39 år) Korkitony |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004, Friidrett under Sommar-OL 2016, Samveldeleikane 2010 |
Aktiv
endreUnder OL 2004 deltok Kipruto på 3000 meter hinder og tok sølvmedaljen. Året etter fekk han bronsemedaljen i same øvinga då friidretts-VM 2005 fann stad i Helsinki.
Kipruto sprang seg så inn til gullmedalje i 3000 meter hinder under VM i friidrett 2007 i Osaka. Eitt år seinare viste han atter sine spesielle eigenskapar som hinderløpar ved å vinne hinder-gullet i Sommar-OL 2008 i Beijing. Ved Samveldeleikane 2010 kom han tredejplass.
I juli 2011 var Kipruto nær ved å forbetre verdsrekorden på 3000 m hinder då han vann eit stemne i Monaco på tida 7.53,64. Ein månad seinare fekk han sølvmedaljen på hinder under VM i friidrett 2011 i Daegu.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- OL 2004 i Aten: Sølvmedalje - 8.06,1, bakom Ezekiel Kemboi (8.05,8)
- VM i 2005 i Helsinki: Bronsemedalje - 8.15,3, bakom Ezekiel Kemboi (8.14,9)
- VM 2007 i Osaka: Gullmedalje - 8.13,8, framom Ezekiel Kemboi (8.16,9)
- OL 2008 i Beijing: Gullmedalje - 8.10.3, framom Mahiedine Mekhissi-Benabbad (8.10,4)
- VM 2009 i Berlin: Nr 7 - 8.12,6
- VM 2011 i Daegu: Sølvmedalje 8.16,05 - bakom Ezekiel Kemboi (8.14,8) og framom Mahiedine Mekhissi-Benabbad (8.16,09)
- OL 2012 i London: Nr 5 - 8.23,0
- VM 2015 i Beijing: Bronsemedalje - 8.12,5
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 6 - 8.18,7
- VM 2017 i London: Utslått i kvalifiseringa (8.33,3=nr 33)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Brimin Kipruto» frå Wikipedia på engelsk, den 20. august 2015.