Royal Navy

Storbritannias marine
(Omdirigert frå British Royal Navy)

Royal Navy, forkorta til RN (norsk: Den kongelege marinen) er Storbritannias marine, og den eldste forsvarsgreina i landet. Han opererer eit stort tal fartøy og mellom desse er hangarskip, jagarar og fregattar, 15 atomubåtar i tillegg til luftfartøy og Storbritannias amfibiske infanteri, Royal Marines. RN er den største marinen i Vest-Europa.

Organisasjon

endre

RN ligg under det britiske forsvarsministeriet og vert administrert av Admiralitetsnemnda (Admiralty Board), som består av toppleinga i RN og forsvarsministeriet.

RN vert forvalta internt av Marinestyret (Navy Board) som består av dei øvste offiserane i marinen. Den øvste offiseren i teneste vert kalla First Sea Lord og er ein firestjerners admiral.

RN har fire operative greiner:

  • Fleet Air Arm (Marinens flyteneste)
  • Royal Marines (Marineinfanteriet)
  • Surface Fleet (Overflateflåten)
  • Submarine Service (Ubåttenesta)

Bakgrunnsstoff

endre