Ei forsvarsgrein er ein del av den militære forsvarsorganisasjonen i eit land.

Døme på forsvarsgreiner:

Ei forsvarsgrein kan innehalde element frå andre forsvarsgreiner. På denne måten har t.d. den britiske marinen eit stort tal jagarfly (som opererer frå hangarskip), medan det amerikanske marineinfanteriet inkluderer transportfly, jagarfly og helikopter i tillegg til panservogner og bakkestyrkar.

Ei rekkje land har kombinert forsvarsstyrkane i éin organisasjon, utan særlege forsvarsgreiner. Som dømer kan ein nemne Canada (Canadian Forces), Israel (Israel Defense Forces) og Irland (Irish Defence Forces).

I Noreg var marinen (no Sjøforsvaret) tidlegare lagt under Marinedepartementet medan Hæren sorterte under Armédepartementet. Noreg har i dag fire våpengreiner – Hæren, Sjøforsvaret, Luftforsvaret og Heimevernet – som alle er delar av Forsvaret under Forsvarsdepartementet.