Britisk rock and roll

Britisk rock and roll er ein musikkstil basert på USA-amerikansk rock and roll som oppstod seint i 1950-åra og som var populær fram til beat-musikken tok over i 1962. Han vert generelt rekna som underordna den amerikanske varianten av sjangeren, og hadde liten internasjonal eller varig innverknad. Men sjangeren var viktig i å etablere britisk ungdoms- og popmusikkultur og var ein nøkkelfaktor i den vidare utviklinga som førte fram ti den britiske bølgja i midten av 1960-åra. Sidan 1960-åra har somme stjerner i sjangeren, hovudsakleg Cliff Richard, klart å oppretthalde ein suksessrik karriere og musikkforma har stundom vore populær att i periodar.

Den britiske rock and roll-stilen var inspirert av amerikansk rock and roll og britisk skiffle. Lonnie Donegan hadde hatt ein stor hit med skifflesongen «Rock Island Line».[1] Mange av dei komande rock and roll-artistane starta ut frå skiffle, mellom andre John Lennon og Paul McCartney, som først spelte i lag i skifflegruppa Quarrymen i 1957.[1]

Artisten som oftast blir rekna som den første britiske rock and roll-artisten var Wee Willie Harris. Ein annan var Tommy Steele, som hadde størst sukess i den første bølgja, og som stundom vart omtalt som «den britiske Elvis». Han nådde topp 20 i Storbritannnia med «Rock with the Caveman» og gjekk til topps med «Singing the Blues» i 1956.[2] I 1958 fekk britane sin første «autentiske» rock and roll-stjerna då Cliff Richard og The Drifters nådde andreplassen på singellista med «Move It».[3] Andre britiske rock and roll-artistar var Marty Wilde, Johnny Gentle, Vince Eager, Adam Faith og Duffy Power.[4] Desse og andre britiske artistar hadde ei rekkje hittar seint i 1950-åra. Cliff Richard, og det nye bandet hans The Shadows som instrumentalartistar, hadde størst suksess med eigen rock and roll på denne tida. The Shadows, og særleg gitaristen Hank Marvin, hadde særleg tor innverknad på den komande generasjonen av rockemusikarar, og var med på å setje standarden for britiske rockegruppa med ei besetning av trommer, bass, rytmegitar og sologitar.[5]

Andre britiske rock and roll-artistar var Billy Fury, som gav ut det som blir rekna som eit av dei beste verka frå denne tida, Sound of Fury i 1960.[6] Tony Sheridan, Vince Taylor og Screaming Lord Sutch and the Savages skapte òg musikk som kunne samanliknast med kvaliteten frå amerikansk rock and roll. Det einaste bandet som klarte å skape det som er blitt kalla ein «før-Beatles rockeklassikar» var Johnny Kidd & the Pirates som med songen «Shakin' All Over» laga ein rock and roll-standard.[4]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 M. Brocken, The British folk revival, 1944–2002 (Aldershot: Ashgate, 2003), pp. 69–80.
  2. Solly, Bob (July 2013). «Britain Rocked Before the Beatles». Record Collector (416): 73–81. 
  3. D. Hatch, S. Millward, From Blues to Rock: an Analytical History of Pop Music (Manchester: Manchester University Press, 1987), p. 78.
  4. 4,0 4,1 R. Unterberger, "British Rock & Roll Before the Beatles", Allmusic Henta 18. februar 2018.
  5. A. J. Millard, The electric guitar: a history of an American icon (JHU Press, 2004), p. 150.
  6. V. Bogdanov, C., Woodstra, S. T. Erlewine, All Music Guide to Rock: The Definitive Guide to Rock, Pop, and Soul (Backbeat Books, 3rd edn., 2002), p. 442.