Britta Marakatt-Labba

samisk kunstnar

Britta Margareta Marakatt-Labba (fødd 18. september 1951 i Idivuoma i Karesuando) er ein svensk samisk tekstilkunstnar, målar og grafikar.

Britta Marakatt-Labba

Statsborgarskap Sverige
Fødd 18. september 1951 (73 år)
Idivuoma
Yrke kunstnar, tekstilkunstnar
Britta Marakatt-Labba på Commons

Britta Marakatt-Labba voks opp i ein søskenflokk på ni barn i ein rendriftsfamilie i Saarivuoma sameby. Ho gjekk på Sunderby folkhögskola 1971-73 før ho byrja på tekstillinja ved Konstindustriskolan i Göteborg i 1974. Her studerte ho under professor Elsa Agélii fram til 1978. Agélii hadde utvikla ein nyskapande stil med feministiske dagboksbroderier.[1] Seinare gjekk Marakatt-Labba på Samisk høgskole i Kautokeino 1999–2002.

Marakatt-Labba arbeider helst innan broderi på tekstil, akvarell og litografi med motiv knytt til samisk kultur. Ho har illustrert ei stort mengd bøker og har i tillegg vore kostymedesignar og scenograf.

I samband med Alta-konflikten laga ho verket Kråkorna, som viser eit motiv der samiske sit-ned-aksjonistar vert fjerna med makt av kråker som gradvis endrar seg til politi.[1] Ho var med og starta Masi-gruppa (Samisk Kunstnargruppe) i 1978, og var seinare med på å etablera den samiske kunstnarorganisasjonen Samisk kunstnarforbund i 1979.

I 2014 vart ho utnemnt til æresdoktor ved Det humanistiske fakultetet ved Umeå universitet.[2]

Historja 2003–2007 er ein nesten 24 meter lang frise med motiv frå samisk kultur, inspirert av Bayeux-teppet i Frankrike.[3] Verket som til vanleg heng i Teorifagbygget ved universitetet i Tromsø, vart vist på documenta 14 i Kassel 2017.[4]

Prisar og utmerkingar

endre
  • 1993 – Anna Nordlander priset,
  • 2000 – kulturstipendiet Rubus arcticus
  • 2011 – Asa Kitok-stipendiet
  • 2012 – John Savio-stipend frå Bildende Kunstneres Hjelpefond
  • 2012 – Kauppistipendiet
  • 2014 – Æresdoktor ved Umeå universitet
  • 2015 – Per Ganneviks stipendium
  • 2017 – John Savio-prisen[5]
  • 2024 – Neshornprisen[6][7]

Offentleg utsmykking i utval

endre
  • Historjá, broderi, 24 meter langt og 40 cm breitt, som skildrar den samiske historia og mytologien, 2003-07, Teorifagsbygget ved Universitetet i Tromsø.[8]
  • Kråkorna, broderi, Universitetet i Tromsø
  • Motivet på den nye, nordsamiske bibelen som vert lansert august 2019.

Britta Marakatt-Labba er representert ved Röhsska museet[9].

Bibliografi

endre
  • Jan-Erik Lundström (redaktør): Broderade berättelser. Britta Marakatt-Labba, Koncentrat, Kiruna 2010, ISBN 978-91-633-7248-3

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Tingvoll, Tone Kristine Thørring. «"Et stykke samisk og nordisk kunsthistorie - Britta Marakatt-Labbas broderier".». Ottar 2010; Volum 4 (282). ISSN 0030-6703: 19 – 24. 
  2. «Hedersdoktorer Humanistisk fakultet Umeå universitet». Arkivert frå originalen 9. august 2017. Henta 9. august 2017. 
  3. «Kunstnersamtale med Britta Marakatt-Labba». KORO. Arkivert frå originalen 9. august 2017. Henta 9. august 2017. 
  4. Hanna Horsberg Hansen. «Sámi Artist Group (Keviselie/Hans Ragnar Mathisen, Britta Marakatt-Labba, Synnøve Persen)». Documenta 14. Henta 9. august 2017. 
  5. «John Savio-prisen til Britta Marakatt-Labba | Nordnorsk Kunstmuseum». www.nnkm.no (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 31. august 2017. Henta 31. august 2017. 
  6. «Britta Marakatt-Labba oaččui Klassekampen kulturbálkkašumi». NRK Sápmi (på nordsamisk). 24. desember 2024. Henta 25. desember 2024. 
  7. Dag Eivind Undheim Larsen (23. desember 2024). «Presser folk til å tenke». klassekampen.no (på norsk bokmål). Henta 25. desember 2024. 
  8. DN: Broderad historia från samernas land (2007-03-25)
  9. Röhsska museet

Bakgrunnsstoff

endre