Altasaka, av somme kalla Altaaksjonen, Alta-konflikten[1] og Stillaaksjonen, var ein av dei bitraste konfliktane i Noreg i siste halvdel av 1900-talet.

Demonstrantar frå Folkeaksjonen mot Altautbygginga i Stilla i Alta.
Merke for støtte til Altaaksjonen, på nordsamisk

I første fasen gjaldt saka motstand frå lokale interesser mot NVE sine planar for vasskraftutbygginga i Alta- Kautokeinovassdraget, som omfemnde neddemming av delar av Finnmarksvidda med bygda Masi. Seinare kom planar som skåna bustadområda, medan motstanden tok form av ein landsomfemnande folkeaksjon med 90 lokallag og 20 000 medlemmer.

Hendingar endre

8. oktober 1979 fekk Stortinget konflikten nært inn på seg då ei gruppe samar reiste telt framføre Løvebakken og tok til å sveltestreike. 12. oktober 1979 konfrontera rundt 200 politifolk dei sveltestreikande samane og kring 250 demonstrantar. Professorane Nils Christie og Thomas Mathiesen var blant dei som vart arresterte.[2]

Konflikten toppa seg 14. januar 1981, då den største samlinga av norske politistyrkar etter krigen vart sett inn for å rydde anleggsområdet i Stilla for aksjonistar.

Sett frå styresmakta si side, var kjernen i Altasaka vasskraftutbygging og gjennomføring av eit lovleg fatta vedtak i Stortinget. Men mange såg saka på fleire måtar: Samane og mange andre såg saka som eit brotsverk mot urfolket frå storsamfunnet medan miljørørsla såg ei symbolsak. Saka gjaldt også kulturminnevern, og mange tenkte nok at det heile dreia seg om ein prestisjekamp frå det sentrale politiske miljoet som store delar av folket og kanskje mange politikarar med eigentleg var imot. Den siste teorien fekk ny næring i 1989 då Gro Harlem Brundtland innrømte at utbygginga likevel ikkje var naudsynt. Det har vore hevda at trass gjennomføringa av prosjektet, gjorde all publisiteten at miljørørsla vann ein siger i opinionen og at samane vann ein siger for eit positivt syn på rett til samisk sjølvstyre.

Kunst og minnesmerke endre

 
Johan Bergström, Bjørg Larsson og Halvard Larsson ved Elvereddernes skiferbauta i Gargia i april 2012. Lenkjene er frå Nullpunktet i Stilla.

Elvereddernes skiferbauta er eit minnesmerke ved Gargia fjellstove som er dekorert med kjetting og klavar frå nullpunktet ved Stilla.[3]

OCA - Office for Contemporary Art Norway opna ei kunstutstilling i Oslo fram til 3. juni 2018 som omfatta kunst, media, fotografi og duodji knytt til Alta-aksjonen.[4] Utstillinga omfatta verk av kunstnarar som Synnøve Persen, Maret Anne Sara, Iver Jåks og Ella Marja Eira.[5]

Sjå og endre

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 24. januar 2018, henta 26. april 2018 
  2. Alta – kraftkampen som utfordret statens makt, s.56
  3. Lars Martin Hjorthol: Alta – kraftkampen som utfordret statens makt, s. 174
  4. Lars Elton. «Kunst og kampvilje». 2018-04-17. Dagsavisen. S. 22-3
  5. Sara Hegna Hammer. «La elva leve». 2018-04-11. Klassekampen. S. 31

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Altasaka
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.