Brittney Reese
Brittney Davon Reese (fødd 9. september 1986) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Inglewood som har spesialisert seg i lengdehopp. Åra 2009-13 vann ho tre rake VM-gull og eitt OL-gull i lengdehopp.
Brittney Reese | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 9. september 1986 Inglewood |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
AktivEndra
Med ny personleg rekord på 7,10 m vann Reese lengdetevlinga under VM i friidrett 2009 i Berlin. Kort etter sigra ho i spesialøvinga også då IAAF-finalen fann stad i Thessaloníki med eit bestehopp som målte 7,08 meter. I 2010 gjekk ho til topps i lengdehopp under innandørs-VM, og vann lengde samanlagt i IAAF Diamond League.
Sommaren 2011 forbetra Reese den personlege rekorden til 7,19 m i Eugene, og ho forsvarte VM-tittelen under friidretts-VM i Daegu i august månad. Ho vann ein suveren siger då ho forsvarte den innandørs VM-tittelen i Istanbul i 2012 med eit hopp på 7,23 m.
I 2012 vart Reese olympisk meister i lengdehopp under Sommar-OL 2012 i London. Vinnarhoppet målte 7,12 m. Sesongen etter tok Reese tredje rake VM-tittel utandørs då ho med 7,01 m viste nigerianske Blessing Okagbare, 6,99 m, til andreplass.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra
- VM 2007 i Osaka: Nr 8 - 6,60 m
- OL 2008 i Beijing: Nr 5 - 6,76 m
- VM 2009 i Berlin: Gullmedalje - 7,10 m, framom Tatjana Lebedeva (6,97 m)
- VM 2011 i Daegu: Gullmedalje - 6,82 m, framom Olga Kutsjerneko (6,77 m)
- OL 2012 i London: Gullmedalje - 7,10 m, framom Jelena Sokolova (7,07 m)
- VM 2013 i Moskva: Gullmedalje - 7,01 m, framom Blessing Okagbare (6,99 m)
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Brittney Reese» frå Wikipedia på engelsk, den 14. august 2015.