Denne artikkelen handlar om fjellet i Tyskland. For fjellet på Sør-Georgia, sjå Brocken på Sør-Georgia.

Brocken eller Blokksberg er det høgaste fjellet i Harz i Tyskland (mellom Weser og Elbe) og er òg den høgaste fjelltoppen i Nord-Tyskland med ei høgd på 1 141 meter over havet. Sjølv om fjellet er mykje mindre enn dei alpine fjella i sør, har det eit mikroklima som liknar det ein finn på fjell med ei høgd på 2 000 meter. Toppen har snødekke frå september til mai og er dekt av dis og tåke om lag 300 dagar i året. Den årlege normaltemperaturen er berre 2,9 °C.

Brocken
fjell
Toppen av Brocken med TV-tårnet
Land  Tyskland
Område Sachsen-Anhalt
Fjellkjede Harz
Høgd 1 141 moh.
Primærfaktor 856 m
Koordinatar 51°48′02″N 10°37′02″E / 51.80056°N 10.61722°E / 51.80056; 10.61722
Kart
Brocken
51°48′02″N 10°37′02″E / 51.800555555556°N 10.617222222222°E / 51.800555555556; 10.617222222222
Wikimedia Commons: Brocken

Brocken har alltid hatt ei viktig rolle i segner og har vore knyta til hekser og demonar. Goethe tok opp segnene i verket hans Faust, der han òg nemner fjellet. Brockenspekteret er eit vanleg fenomen på dette disige fjellet, der skuggar som vert kasta på tåka skapar ein skummel optisk effekt.

I dag er Brocken ein del av ein nasjonalpark og har fleire historiske botaniske hagar med fjellplanter, grunnlagd i 1890. Ein smalsporsjernbane, Brockenbahn (del av Harzer Schmalspurbahn), tar passasjerar frå Wernigerode i nord og Nordhausen i sør til jernbanestasjonen på toppen. Fjellet har mange turstiar. På toppen av fjellet står eit TV-tårn.

Historie endre

 
Damplokomotivet Brockenbahn går til toppen av fjellet.

I 1935 var det første TV-tårnet i verda bygd på toppen av fjellet, og byrja å sende Deutsche Reichspost. Det sendte ut TV-sendingar frå Sommar-OL 1936 i Berlin. Tårnet vart stengd av styresmaktene september 1939 då den andre verdskrigen braut ut.

Dei allierte styrkane bomba Brocken 17. april 1945 og øydela Brocken Hotel og verstasjonen, men ikkje TV-tårnet. Amerikanske styrkar brukte installasjonen frå 1945 til 1947. Før amerikanarane reiste frå Brocken i 1947 kopla dei frå den gjennoppbygde vêrstasjonen og TV-tårnet.

Mellom 1973 og 1976 vart det bygd eit nytt moderne TV-tårn for GDR-TV. I dag nyttar den tyske fjernsynskanalen ZDF tårnet.

Frå 1957 vart Brocken ei tryggleikssone, og etter at Berlinmuren vart reist, utpeikte dei ausstyske styresmaktene området som ei høggradsmilitærsone og omgjorde toppen til ei festning. På grunn av høgda vart stasjonen òg nytta til avlytting etter radiosignal frå dei omliggande områda. Grensetroppar heldt til ved jernbanestasjonen og den sovjetiske Raude arméen brukte store delar av området. Stasi, det hemmelege politiet i Aust-Tyskland nytta TV-tårnet fram til 1985, før dei flytta til ein ny bygning, som i dag er eit museum. Heile toppen vart omringa av ein betongmur for at ingen skulle kome inn. Muren og fleire andre bygg er i dag tatt bort.

Brocken i kulturen endre

Goethe skildrar Brocken i Faust (frå 1808) som staden der heksane feirar Valborgsnatta (30. april). Goethe kan ha fått inspirasjon frå to steinformasjonar på toppen av fjellet, Teufelskanzel (Djevelens preikestol) og Hexenaltar (Alteret til heksene).

Kjelder endre