Alec Guinness

britisk skodespelar

Sir Alec Guinness, fødd Alec Guinness de Cuffe (2. april 19145. august 2000) var ein britisk skodespelar kjend frå fleire store filmproduksjonar, m.a. Lawrence of Arabia, Broen over Kwai og dei tre tidlegaste Star Wars-filmane.

Alec Guinness

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 2. april 1914
Marylebone
Død

5. august 2000 (86 år)
Midhurst

Yrke filmskodespelar, sjølvbiograf, karakterskodespelar, manusforfattar, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar
Språk engelsk
Høgd 176 centimeter
Medlem av American Academy of Arts and Sciences
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Andrew Geddes
Mor Agnes Cuff
Ektefelle Merula Salaman
Alec Guinness på Commons

Biografi endre

Alec Guinness de Cuffe vart fødd og voks opp i London. Han gjekk vidare til å studera drama etter grunnskulen og hadde sin fyrste spelejobb på teater på 20-årsdagen sin. I 1936, 2 år seinare spelte han ei rolle i John Gielgud si oppsetjing av Hamlet. Same året vart han tilsett ved teateret Old Vic, og i denne perioden blei han kjend med teatermiljøet i London og fekk mange vener blant skodespelarane han jobba med. I løpet av 1930-talet spelte Guinness m.a. i Richard II, Kjøpmannen i Venedig, Romeo og Julie og Stormen av Shakespeare.

I 1939 omarbeidde Guinness romanen Store forventninger av Charles Dickens til teaterstykke, der han sjølv spelte Herbert Pocket. Stykket vart vellukka, og regissør David Lean, som såg stykket, filmatiserte det og gav det ut i 1946. Igjen spelte Guinness Herbert Pocket, og dette vart debuten hans som filmskodespelar (bortsett frå ei statistrolle frå 1934). Alec Guinness tente i marinen under andre verdskrigen. I 1946 vendte han tilbake til Old Vic og blei der i to år etter mange teaterroller. Etter dette spelte han ved andre teater, og hadde si siste rolle i 1989.

Filmkarriere endre

Alec Guinness spelte i mange store filmproduksjonar frå 1950-åra og utover. I 1956 spelte han saman med Grace Kelly i Svanen. Året etter spelte han mot William Holden i krigsfilmen Broen over Kwai, som Guinness vann Oscar-prisen som beste skodespelar for. I 1959 hadde han hovudrolla i Vår mann i Havana, i 1962 var han med i storproduksjonen Lawrence of Arabia i rolla som Prins Feisal, og i 1964 spelte han Marcus Aurelius i Romerrikets fall. Året etter var han bolsjevikleiar i filmatiseringa av Doktor Zhivago av Boris Pasternak. I 1970 spelte han Kong Karl I i den historiske filmen Cromwell. Sjølv meinte Guinness at hans beste filmopptreden var som Adolf Hitler i Hitler: The Last Ten Days (1973).

I 1977 fekk Alec Guinness rolla som jediriddaren Obi Wan-Kenobi i Star Wars. Desse George Lucas-filmane gav Guinness eit heilt nytt publikum. Han hadde den same rolla i Imperiet slår tilbake frå 1980 og Jediridderen vender tilbake frå 1983. Det året fylte Guinness 69 år. Han spelte i nokre filmar også etter Star Wars, men hadde si siste filmrolle i 1996, 82 år gamal.

Alec Guinness døydde 5. august 2000 av kreft i levra. Kona hans døydde eit par månader etter han. Sonen deira, Matthew Guinness er sjølv skodespelar.

Nokre prisar og utmerkingar endre

Filmografi (utval) endre

Kjelder endre