Broken China
Broken China Studioalbum av Richard Wright | ||
Utgjeve | 26. november 1996 (Storbritannia) 25. mars 1997 (USA) | |
Innspelt | Studio Harmonie i Frankrike; Whitfield Street Studios i London; RAK Studios og The Astoria[1] | |
Sjanger | Progressiv rock, psykedelisk rock, ambient | |
Lengd | 59:34 | |
Selskap | EMI (Storbritannia) Guardian Records (USA) | |
Produsent | Richard Wright Anthony Moore Laurie Latham (co-produsent) | |
Richard Wright-kronologi | ||
---|---|---|
Identity (1984) |
Broken China |
|
Broken China er eit soloalbum av klaverspelaren i Pink Floyd, Richard Wright.[3] Det kom ut i 1996 og var det andre og siste soloalbumet hans.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [2] |
Oversyn
endreAlbumet er eit firedelt konseptalbum som dokumenterer den dåverande kampen til den dåverande kona til Wright, Mildred, mot depresjon,[4] og det er må mange måtar som eit klassisk konseptalbum av Pink Floyd i struktur og kjensle. Sinéad O'Connor syng på to av songane, «Reaching for the Rail» og «Breakthrough», medan Wright syng dei andre songane. Albumet vart spelt inn i det personlege studioet til Wright i Frankrike. Broken China var det andre soloalbumet til Wright, etter Wet Dream i 1978, og det siste før han døydde i september 2008.
Wright spurte Pink Floyd-medlem David Gilmour om han kunne spele på albumet, og Gilmour gjekk med på å spele på ein song. Tilnærminga til songen vart derimot endra seinare, så Gilmour er ikkje med på det endelege albumet.
På DVDen David Gilmour in Concert gjestar Wright på vokal på songen «Breakthrough» i lag med David Gilmour og bandet hans.
Plateomslaget vart laga av den faste designeren til Pink Floyd, Storm Thorgerson og Peter Curzon.[5]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Breaking Water» | Richard Wright, Anthony Moore | 2:28 |
2. | «Night of a Thousand Furry Toys» | Wright, Moore | 4:22 |
3. | «Hidden Fear» | Wright, Gerry Gordon | 3:28 |
4. | «Runaway» | Moore | 4:00 |
5. | «Unfair Ground» | Wright | 2:21 |
6. | «Satellite» | Wright | 4:06 |
7. | «Woman of Custom» | Moore | 3:44 |
8. | «Interlude» | Wright | 1:16 |
9. | «Black Cloud» | Wright | 3:19 |
10. | «Far from the Harbour Wall» | Wright, Moore | 6:19 |
11. | «Drowning» | Wright | 1:38 |
12. | «Reaching for the Rail» | Wright, Moore | 6:30 |
13. | «Blue Room in Venice» | Wright, Gordon | 2:47 |
14. | «Sweet July» | Wright | 4:13 |
15. | «Along the Shoreline» | Wright, Moore | 4:36 |
16. | «Breakthrough» | Wright, Moore | 4:19 |
Medverkande
endre- Richard Wright – klaverinstrument, piano, programmering, synthesizer, vokal
- Tim Renwick – gitarar
- Dominic Miller – gitarar
- Steven Bolton – gitarar
- Pino Palladino – bassgitar
- Manu Katché – trommer, perkusjon
- Sian Bell – cello
- Kate St. John – obo, engelsk horn
- Maz Palladino – korvokal
- Sinéad O'Connor – vokal
- Jason Reddy: datamaskinar
- Anthony Moore – arrangement, 'telefonvokal' på «Night of a Thousand Furry Toys»
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Broken China» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ https://www.discogs.com/Rick-Wright-Broken-China/release/2599919
- ↑ Allmusic review
- ↑ Broken China, Richard Wright, Prog Archives.
- ↑ Doskoch, Peter (1. mars 1997). «When Pink Turns to Blue». Psychology Today (på engelsk). Henta 18. juli 2019.
- ↑ Broken China, The Pink Floyd Hyperbase, Danmark.