Bronkitt

type nedre luftvegssjukdom

Bronkitt er ein obstruktiv lungesjukdom som er karakterisert ved betennelse i bronkiane i lungene. Bronkitt kan vera akutt eller kronisk. Kronisk bronkitt, som i dei fleste falla rammar bybuarar frå område med sterk partikkelluftureining eller tobakksrøykjarar, blir definert klinisk som kronisk hoste som er produktiv med sputum (oppspytt frå lungene) minst tre månader samanhengande i minst to påfølgjande år. Kronisk bronkitt (s.d.) er ein av sjukdommane som er inkluderte i KOLS (kronisk obstruktiv lungesjukdom).

Bronkitt skyldast virus eller bakteriar som går til åtak på slimhinnene i bronkiane i lungene.

Symptom og teikn endre

Diagnose endre

Dei fleste lækjarar vil leggje vekt på vedvarande tørr eller produktiv hoste som teikn på bronkitt. Ved lytting til lungene vil ein gjerne høyre auka surklande bilydar (rhonchi) og forlengd ekspirasjonsfase (utpust). Andre element i diagnosen inkluderer måling av feber og måling av oksygenmettinga i blodet (ofte målt med ei fingerklype). Lækjaren spør gjerne pasienten om andre opplysningar som kan vera til hjelp for diagnosen, t.d. «Kor lenge har du hatt denne hosten?», «Har du hatt feber? Kor høg og kor lenge?», «Kjenner du smerte eller ubehag i bringa?», «Er du allergisk mot noko?», «Røykjer du?», «Er det mykje luftureining der du bur eller arbeider?» osv.

I nokre fall kan lækjaren be om ein sputumkultur. Slim frå hosten åt pasienten vil da bli testa for spesifikke bakteriar som kan liggje under sjukdommen.

Diagnosen av akutt bronkitt kan støttast ved funn av heving av mellomgolvetrøntgenbilete.

Den aktuelle differensialdiagnosen er først og fremst lungebetennelse. Oftast, men langt i frå alltid, vil ein finne at pasientar med lungebetennelse har høgare og meir langvarig feber og dårlegare allmenntilstand.

Patofysiologi endre

Akutt bronkitt kjem ofte som følgje- eller ettersjukdom til forkjølelsar eller andre infeksjonar. Bronkitten kan vera viral (og dermed umogleg å behandle med antibiotika) eller bakteriell. Det sistnemnte er mindre vanleg, men i slike fall vil ein antibiotikakur oftast hjelpe. Akutt forverring av kronisk bronkitt kjem ofte av infeksjonar og er oftast bakteriell; anten i utgangspunktet eller som følgjesjukdom.

Behandling endre

Pasientar med akutt bronkitt bør drikke rikeleg med væske (særleg vatn). Mange lækjarar ser no at akutt bronkitt oftast er viral, så antibiotika vil ikkje hjelpe. I staden vil dei pasientane som ikkje elles høyrer med til risikogrupper rett og slett få råd om å sørgje for å få rikeleg med kvile, mykje væskeinntak og aspirin eller paracetamol for feberen. I nokre fall vil lækjaren gjeva pasienten eit kortisonpreparat for å hjelpe til med å halde bronkierøra opne så hosten kan vera meir produktiv.

Pasientar med KOLS som viser teikn på akutt bronkitt vil oftare bli behandla med antibiotika — både av di det er meir truleg at bronkitten er bakteriell og fordi risikoen for langtidsskadar ved ubehandla akutt bronkitt er høgare i denne gruppa. Ei særgruppe er pasientar med α₁-antitrypsinmangel og diagnostisert KOLS: Risikoen for skade på lungevevet er så høg i denne gruppa at ein som hovudregel gjev antibiotika ved alle lungeinfeksjonar som kan vera bakterielle.

Hosting er viktig for å hjelpe til med å få ut slimet som finst i dei betente bronkierøra. Slimløysande preparat kan gjera slimet meir tyntflytande så det blir lettare å hoste det opp.

Prognose endre

Akutt bronkitt varar oftast om lag 10–11 dagar. Han kjem ofte saman med eller rett etter forkjøling eller influensa, men ein kan òg få akutt bronkitt åleine. Akutt bronkitt er smittsam, og han byrjar gjerne med tørrhoste — gjerne om natta. Etter nokre få dagar går hosten over til å bli meir produktiv, og det er vanleg å få ein låg feber (gjerne kring 38 °C), utmatting og hovudverk. Feberen og utmattinga kan vare ned til nokre få dagar, men den produktive hosten kan vara nokre veker.

Sjå òg endre

Kjelder endre