Brosh (hebraisk skrift בְּרוֹשׁ, tyder Sypress) er ein moshav sør i Israel. Han ligg nordvest i Negev mellom Ofakim og Netivot og høyrer til Bnei Shimon regionale kommune. I 2006 hadde han 221 innbyggjarar.

Brosh
בְּרוֹשׁ
moshav
Namneopphav: Sypress
Land  Israel
Region Nord-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Bnei Shimon
Koordinatar 31°22′14.87″N 34°37′58.8″E / 31.3707972°N 34.633000°E / 31.3707972; 34.633000
Folketal 439 (2015)
Grunnlagd 1953
 - Grunnlagd av marokkanske immigrantar
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Brosh i Israel
31°22′15″N 34°37′59″E / 31.370797222222°N 34.633°E / 31.370797222222; 34.633
Wikimedia Commons: Brosh

Moshaven vart grunnlagd i 1953 og marokkanske immigrantar utgjorde dei fleste av nybyggjarane. Namnet er henta frå Jesaja 41:19:[1]

Eg plantar sedrar i ørkenen, akasie, myrt og oliventre. Eg set sypress i øydemarka saman med gran og buksbom;[2]

To andre nærliggande moshavar, Tidhar (gran) og Ta'ashur (lerke) har òg namn frå dette verset og dei tre vert i lag kalla Moshavei Yahdav (tyder «Moshavane i lag»). Brosh har eit tenestesenter for dei tre moshavane, inkludert eit bibliotek, ei fritidsordning for barn, ein eldreklubb og eit legekontor.

Kjelder endre

  1. Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.107 , ISBN 965-220-186-3 (engelsk) Yizhaqi, Arie (ed.): Madrich Israel (Israel Guide: An Encyclopedia for the Study of the Land), Vol.6: Sharon, Southern Coastal Plain and Northern Negev, Jerusalem 1979, Keter Press, s.388 (hebraisk)
  2. Jesaja 41 - bibelen.no

Bakgrunnsstoff endre