Ta'ashur (hebraisk skrift תְּאַשּׁוּר, tyder 'buksbom') er ein moshav sør i Israel. Han ligg nordvest i Negev mellom Ofakim og Netivot og høyrer til Bnei Shimon regionale kommune . I 2006 hadde han 329 innbyggjarar.

Ta'ashur
תְּאַשּׁוּר, Te'ashur
moshav
Namneopphav: Buksbom
Land  Israel
Region Nord-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Bnei Shimon
Koordinatar 31°22′19.91″N 34°38′38.04″E / 31.3721972°N 34.6439000°E / 31.3721972; 34.6439000
Areal 1,2 km²
Folketal 411 (2015)
Grunnlagd 1953
 - Grunnlagd av Marokkanske immigrantar
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Ta'ashur
31°22′20″N 34°38′38″E / 31.372197222222°N 34.6439°E / 31.372197222222; 34.6439

Moshaven vart grunnlagd i 1953 av marokkanske immigrantar. Namnet er henta frå Jesaja 41:19:

Eg plantar sedrar i ørkenen, akasie, myrt og oliventre. Eg set sypress i øydemarka saman med gran og buksbom;[1]

To andre nærliggande moshavar, Brosh (sypress) og Tidhar (gran) har namn frå dette verset og dei tre i lag vert kalla Moshavei Yahdav (tyder «Moshavane i lag»).

Kjelder endre

  1. Jesaja 41 bibelen.no