Tidhar (hebraisk skrift תִּדְהָר, tyder Gran) er ein moshav sør i Israel. Han ligg i nordvest Negev mellom Ofakim og Netivot og høyrer til Bnei Shimon regionale kommune. I 2006 hadde han 233 innbyggjarar.

Tidhar
תִּדְהָר
moshav
Namneopphav: Gran
Land  Israel
Region Nord-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Bnei Shimon
Koordinatar 31°22′45.48″N 34°37′45.83″E / 31.3793000°N 34.6293972°E / 31.3793000; 34.6293972
Folketal 534 (2015)
Grunnlagd 1953
 - Grunnlagd av Marokkanske immigrantar
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Tidhar
31°22′45″N 34°37′46″E / 31.3793°N 34.629397222222°E / 31.3793; 34.629397222222
Wikimedia Commons: Tidhar

Moshaven vart grunnlagd i 1953 av marokkanske immigrantar. Namnet er henta frå Jesaja 41:19:

Eg plantar sedrar i ørkenen, akasie, myrt og oliventre. Eg set sypress i øydemarka saman med gran og buksbom;[1]

To andre nærliggande moshavar, Brosh (sypress) og Ta'ashur (buksbom) har namn frå dette verset og dei tre i lag vert kalla Moshavei Yahdav (tyder «Moshavane i lag»).

Kjelder endre

  1. Jesaja 41 bibelen.no

Bakgrunnsstoff endre