Bruce Botnick
Bruce Botnick (fødd i 1945) er ein USA-amerikansk lydteknikar og plateprodusent, mest kjend for arbeidet sitt med The Doors, The Beach Boys og Love.
Bruce Botnick | |||
Fødd | 1945 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles i California | ||
Opphav | USA | ||
Verka som | audioingeniør, platebransjeleiar, musikkprodusent, komponist |
Botnick var lydteknikar på dei to første albuma til Love, og medprodusent på det tredje, Forever Changes.[1] Han var lydteknikar på studioinnspelingane til The Doors. I 1970 tok han over produksjonen av albumet deira, L.A. Woman, det siste med songaren Jim Morrison.[2] Han var òg lydteknikar på minst to av albuma til Lonnie Mack seint i 1960-åra for Elektra.
Botnick har òg arbeidd som assisterande lydteknikar på The Rolling Stones-albumet Let It Bleed. Han produserte seinare dei to første albuma til Eddie Money, Eddie Money i 1977 og Life for the Taking i 1978. Botnick produsert to album for rockegruppa til Paul Collins, The Beat. Han var òg medprodusent på Kenny Loggins-albumet High Adventure i 1982.
Bruce Botnick har lenge samarbeidd med filmkomponisten Jerry Goldsmith og miksa musikk for filmane hans. Botnick møte først Goldsmith i 1979 for Star Trek: The Motion Picture og dei arbeidde på dei fleste filmprosjekta til Goldsmith etter dette, over hundre, frå 1980-åra og fram til Goldsmith døydde i 2004.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bruce Botnick» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mai 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Love's «Forever Changes» Finally Gets Long Deserved First Class Vinyl Reissue». Analog Planet. 26. desember 2012.
- ↑ staff, Goldmine (4. juni 2012). «Robby Krieger reopens the door to the ‘L.A. Woman’ sessions». Arkivert frå originalen 2. juni 2015.