L.A. Woman
Studioalbum av The Doors
Språk engelsk
Utgjeve 19. april 1971
Innspelt Desember 1970 til januar 1971
Studio The Doors' Workshop i Los Angeles
Sjanger Bluesrock
Lengd 48:24
Selskap Elektra
Produsent The Doors, Bruce Botnick
The Doors-kronologi 
13
(1970)
L.A. Woman Other Voices
(1971)


Singlar frå L.A. Woman
  1. «Love Her Madly»
    Utgjeve: March 1971
  2. «Riders on the Storm»
    Utgjeve: June 1971

L.A. Woman er det sjette studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Doors, gjeve ut 19. april 1971, på Elektra Records. Det er det siste albumet deira med frontmannen og songaren Jim Morrison, som døydde tre månader etter albumet kom ut. Albumet er tungt basert på blues, meir enn dei føregåande albuma deira. Det vart spelt inn utan den faste produsenten deira Paul A. Rothchild etter han hamna i unåde hos gruppa då han meinte at studioframføringane deira mangla kvalitet. Bandet vart derfor samprodusert med den mangeårige lydteknikaren deira, Bruce Botnick.[1]

«Love Her Madly» kom ut på singel i mars 1971, før albumet kom ut, og nådde topp 20 på Billboard Hot 100. Då albumet kom ut nådde det niandeplassen på Billboard 200[2] og 28. plassen på UK Albums Charts.[3] Songen «Riders on the Storm» fekk òg suksess på singellistene i USA og Storbritannia.

Kritikarane Richie Unterberger og David Quantick har begge kalla L.A. Woman eit av dei beste albuma til The Doors og særskild trekt fram vokalen til Morrison og den enklare bluesrockstilen deira.[4][5]

Bakgrunn endre

 
Jim Morrison dagen han vart dømd for blotting i Miami.

The Doors hadde hadde eit bra år i 1969, men gjennom mykje av året var dei svartelista frå radio og konsertsalet deira sleit, etter at songaren Jim Morrison var blitt sikta for banning og blotting under ein konsert i Miami den 1. mars.[6] Organisatorar frykta ein ny episode som dette. Morrson, som ønskte å bli respektert som ein seriøs diktar og byrja å interessere seg for film, hadde tenkt på å slutte i gruppa mot slutten av 1968, men vart overtalt av klaverspelaren Ray Manzarek om å bli eit halvt år til.[7] Den 20. september 1970 vart Morrison dømd for hendinga i Miami.[6] I eit intervju i 1971 med Ben Fong-Torres, sa Morrison «Eg trur eg underbevisst prøvde å kome gjennom på den konserten, eg prøvde å redusere det til absurditet. Og det fungerte for bra.»[8]

I november 1970, kort tid etter rettssaka til Morrison var over, drog The Doors inn i Sunset Sound Recorders i Los Angeles for å spele inn tidlege versjonar av songen «L.A. Woman», i tillegg til «Riders on the Storm» og «Love Her Madly».[6] Den enkle stilen var eit steg vidare frå Morrison Hotel, som vart godt motteken.[9][10] Bandet krangla med plateselskapet sitt, Elektra Records, som ønskte eit Doors-album til jul, og dei gav ut det første samlealbumet deira, 13. Det vart gjeve ut utan at bandet var innblanda og kom ut med eit bilete av ein yngre Morrison. Dette irriterte Morrison såpass at han truga med å signere for eit anna plateselskap. Sidan kontrakten deira kravde eit album til, kunne ikkje gruppa følgje opp trugselen, så dei heldt fram å øve på dei nye songane.[11][12]

Plateprodusenten Paul A. Rothchild, som hadde arbeidd med bandet på dei fem første albuma deira, var berre med i starten av innspelinga, men slutta etter krangling med bandet. Han var mellom anna misnøgd med songen «Love Her Madly». Han meinte innspelinga av denne var eit kunstnarisk steg attende og kalla det «cocktailmusikk[11] Rothchild har nekta for eit populært rykte om at han hadde sagt dette om «Riders On The Storm», og sa at han meinte at denne songen og «L.A. Woman» var «glimrande på øvingane». Han hevda at kommentaren om cocktailmusikk vart sagt for å «gjere dei sinte nok til å kome opp med noko bra.»[13] Rothchild slutta òg fordi det gjekk treigt å skrive nye songar, særleg med tanke på at dei hadde tre dugande låtskrivarar. Entusiasmen hans for bandet vart enno verre då han ikkje klarte å overtyde Morrison til å bli med på alle øvingane.[13][14] Som Botnick skreiv i boka si Love Becomes a Funeral Pyre, skal Rothchild ha blitt særs opprørt etter at Janis Joplin døydde. Dei hadde arbeidd i lag på det andre soloalbumet hennar, Pearl.[15] Rothchild slutta før eit endeleg opptak var ferdig for albumet og rådde The Doors til å la Bruce Botnick, som hadde vore lydteknikar under Rothchild på dei førre innspelingane, vere med som produsent.[16]

Innspeling endre

Gruppa og Botnick sette opp eit mellombels platestudio i øvingslokalet deira, The Doors' Workshop, i ein bygning på 8512 Santa Monica Boulevard.[17] Dei kunne då spele inn musikk i eit meir avslappande og komfortabelt miljø og unngå dyre studioutgifter.[18] Dei fekk tak i eit miksebord frå Elektra som vart installert i andre etasen av bygningen, medan studiomonitorar, mikrofonar og klaverinstrument vart sette opp i første etasje. For å kompensere for mangelen på ein isolert vokalkiosk, spelte Morrison inn vokalen i døropninga til badet med den same mikrofonen dei brukte for den siste turneen sin.[19][20]

The Doors fekk med eg bassisten til Elvis Presley, Jerry Scheff og rytmegitarist Marc Benno til å utfylle dei. Scheff spelte på alle songane utanom «L'America».[21] Densmore omtalte Scheff som «ein mann-i-lomma» og roste han for at han «tillet meg å kommunisere rytmisk med Morrison, og han sakka Ray ned, når høgrehanda hans på tangentane gjekk altfor raskt».[22] Morrison – som var stor fan av Presley – skal ha likt at Scheff var med på innspelinga. Benno vart spurt om å delta etter at han hadde gjort seg kjend som musikar for Leon Russell.[23] Songane vart spelte inn på få forsøk med ein 8-sporsopptakar, og albumet var fullført på seks dagar.[22] Morrison var ein bluesentusiast og proklamerte den siste innspelingsdagen som ein «bluesdag», då dei spelte inn «Crawling King Snake», «Cars Hiss By My Window» og «L.A. Woman». Albumet hadde ein rå, konsertaktig lyd der ekstralydspor stort sett var avgrensa til ekstra klaverinstrument.[22] Botnick sa «Heile konseptet for innspelinga var å gå attende til dei tidlege røtene våre og prøve å få alt live i studio med så få ekstra lydspor som mogeleg».[10][24] Miksinga vart fullført i Poppy Studios i februar og mars 1971, då Morrison hadde flytta til Paris i Frankrike.[25]

Musikk endre

Bandet byrja innspelinga utan mykje materiale og måtte skrive songar der og då, anten ved å jamme eller snakke seg gjennom idear. Morrison likte at dei ikkje måtte spele inn mange forsøk, slik dei måtte på The Soft Parade, og møtte opp til innspelingane på tida og edru, i motsetnad til tidlegare innspelingar.[26] I 1994 sa gitaristen Robby Krieger at «Rothchild var borte, som er ei av årsakene til at me hadde det så kjekt. Vaktaren var borte.» Trass i at oppstarten var trøblete, inneheld L.A. Woman nokre av dei mest kritikarroste songane til The Doors, og somme av dei mest bluesprega.[27] Tekstane omhandlar samtidige tema som kjærleik, livet i Los Angeles og komplekse sider ved å vere menneske.[28] Manzarek forklarte at bandet ikkje hadde «ein visjon for albumet, men etter me byrja å arbeide med songane, forstod me at dei snakka om L.A. Dei handlar om menn, kvinner, gutar, jenter, kjærleik, tap, tapt kjærleik og funnen kjærleik i Los Angeles».[28] Heile albumet demonstrerte at Morrison var ein dugande låtskrivar og kombinerte dei poetiske frasane hans og entusiasmen for Los Angeles, og eit ynskje om å forlate byen med kjærasten Pamela Courson.[29] Kunstnarisk var L.A. Woman ei blanding av blues og rock.[30]

L.A. Woman opnar med Morrison-songen «The Changeling», som The Doors ønskte å gje ut som den første singelen frå albumet. Han var henta frå ei notatbok som Morrison hadde skrive i 1968. Holzman avslo avgjersla til bandet og gav ut «Love Her Madly» i staden for med B-sida «(You Need Meat) Don't Go No Further», som ikkje var med på albumet.[22] Forfattaren James Riordan skreiv at «changeling», eller barneanda, kan ha vore ein referanse til den vanskelege barndommen til Morrison.[31] Den funky James Brown-aktige komposisjonen verkar å annonsere at songaren hadde planar om å forlate Los Angeles med linja «I'm leavin' town on the midnight train».[32]

I tillegg til «The Changeling», tok The Doors med tre andre songar skrivne før 1971: «L' America», «Crawling King Snake» og «The WASP (Texas Radio and the Big Beat)». «L'America» vart opphavleg spelt inn for filmen Zabriskie Point frå 1970 av Michelangelo Antonioni, men til slutt avvist. Han heitte opphavleg «Latin America», og det einaste bandet gjorde med han under innspelinga for L.A. Woman var nokre ekstra trommespor.[22][33] Arrangementet til The Doors på den tradisjonelle «Crawling King Snake» var datert attende til dei første turneane deira, og vart stundom spelt i lag med Morrison-diktet «Celebration of the Lizard».[34] «The WASP (Texas Radio and the Big Beat)» er ei omarbeiding av eit dikt Morrison først skreiv for ei suvenirbok av gruppa i 1968.[35] Songen kombinerte dobbeltspora talte ord og peikte fram mot diktopplesingane til Morrison på det posthume albumet An American Prayer. For å vektleggje melankolien på «The WASP (Texas Radio and the Big Beat)» brukte Densmore ei tidleg utgåve av ein trommemaskin.[26]

Morrison bidrog òg med «Been Down So Long», ein song inspirert av boka til visesongaren Richard Fariña, Been Down So Long It Looks Like Up to Me og Furry Lewis-melodien «I Will Turn Your Money Green». Det var ein vanleg bluessong som minna om dei tidlege konsertane til The Doors. Teksten syner til depresjon, frigjering og seksualitet som følgje av at Morrison kanskje måtte i fengsel.[32] Han bidrog òg med bluessongen «Cars Hiss By My Window». I motsetnad til dei fleste andre songane, vart denne skriven i studio.[35] Manzarek fortalte: «Jim sa han handla om å bu i Venice [Beach], på eit varmt rom, med ein heit kjæraste, og eit ope vindauge og ei dårleg tid. Det kan ha vore om Pamela Courson».[35] L.A. Woman avsluttar første sida med tittelsporet, den lengste songen på albumet. Det er trudd å vere den endelege avskjeden til Los Angeles av Morrison og kommuniserte dei blanda kjenslene han hadde med lidenskap og forakt for «the city of night».[31] Teksten inneheld eit anagram for Jim Morrison: «Mr. Mojo Risin'».[28]

Av dei andre songane på L.A. Woman, skreiv Krieger «Love Her Madly», som minna om dei tidlegare songane hans om romanse og utryggleik.[36] Han skreiv songen heime medan han keia seg under rettssaka til Morrison.[37] L.A. Woman inneheld òg «Hyacinth House», med tekst skriven av Morrison og musikk av Manzarek. Songen syner at Manzarek var inspirert av den polske komponisten Frédéric Chopin sin Polonaise i Ass-dur, Op. 53, under orgelsoloen.[32] Det siste sporet var «Riders on the Storm», skriven av heile The Doors. Han var basert på eit arrangement av «Ghost Riders in the Sky» og linja «delicate riders of the storm», var henta frå Hart Crane-diktet «Praise for an Urn». Sporet blanda Morrison sine haikar-bilete frå hans eigne diktprosjekt. Det svake, spøkjelsesaktige bakteppet ein kan høyre gjennom songen var den siste innspelinga til Morrison med The Doors.[38]

Konsertar endre

Etter Morrison spelte inn dikt i Village Recorders den 8. desember 1970, hadde han lyst til å spele nokre av L.A. Woman-songane på turné.[39] Den 11. desember spelte The Doors to utselde konsertar i State Fair Music Hall i Dallas.[40][41] Bandet opna den første konserten med ein lengre versjon av «Love Her Madly», men sleit med dei eldre songane sidan dei ikkje hadde heldt konsertar sidan Isle of Wight-festivalen i august same året.[42] Settet inneheldt «The Changeling» og «L.A. Woman» og avslutta med «When the Music's Over».[40] Konsertane vart godt mottekne og synte at The Doors framleis kunne halde bra konsertar. Dette førte til ein ekstra konsert i Louisiana.[43]

Den 12. desember spelte The Doors i The Warehouse i New Orleans for det som kom til å bli den siste konserten deira med Morrison.[44] Halvvegs gjennom konerten byrja ein full Morrison å slurve med teksten til «Light My Fire», og avbraut songen med talar og vitsar. Han sat føre trommene under soloane til Krieger og Manzarek, men reiste seg ikkje opp for å fullføre songen.[45] Etter at Densmore gav beskjed, prøvde han å syngje, før han knuste mikrofonstativet i scenegolvet så flisene fauk. The Doors vart samde om å stoppe å spele konsertar og fokusere på å fullføre L.A. Woman.[46][47]

Utgjeving og mottaking endre

L.A. Woman kom ut den 19. april 1971.[26] Det nådde niandeplassen på Billboard 200, og låg inne på lista i 36 veker. I Storbritannia nådde det 28. plassen og låg fire veker inne på UK Albums Charts.[2][3] Fotografi på omslaget var teken av Wendell Hamick.

Tre månader etter utgjevinga, den 3. juli, vart Morrison funnen død. Det hadde vore diskusjonar mellom Morrison og dei andre i bandet om ei framtidig innspeling etter han kom heim att frå Paris.[48][49] Albumet kom ut i lag med sinelen «Love Her Madly», som kom i mars og nådde 11. plassen på Billboard Hot 100 og låg på lista i 11 veker. Singelen gjekk ikkje inn på den britiske singellista. I tillegg vart «Riders on the Storm» gjeve ut på singel i juni. Denne nådde 14. plassen på Billboard-lista og nådde 22. plassen på den britiske singellista.[2][3]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [4]
Christgau's Record GuideA–[50]
Classic Rock          [51]
Encyclopedia of Popular Music     [52]
MusicHound4/5[53]
PopMatters          [54]
Q     [55]
Rolling Stone     [56]
The Rolling Stone Album Guide     [57]
Slant Magazine     [58]

Albumet fekk stort sett positiv kritikk. Rolling Stone-skribenten Robert Meltzer var imponert over kjensla av moro og samhøyrsle i bandet og sa at det var «det beste albumet til The Doors» og årets album.[59] I Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) sette Robert Christgau pris på humoren til Morrison i somme av tekstane og meinte at «bandet høyrdest aldri betre ut», sjølv om han var skuffa over «Been Down So Long» og «L'America».[50] I nyare tid skreiv Richie Unterberger for AllMusic at L.A. Woman var «ujamt», men at albumet inneheld songar «som er av dei beste og mest forstyrrande dei laga».[4] Sal Cinquemani skreiv for Slant Magazine at L.A. Woman var «lyden av eit band i perfekt harmoni». Han skildra Doors-songane som «forstyrrande og kyniske over åra, og desse songane var ikkje noko unntak».[58]

PopMatters-skribenten Nathan Wisnicki sa at tekstane til Morrison var mindre pretensiøse enn på tidlegare album, sidan L.A. Woman bestod av «meir vanleg blues».[54] David Quantick frå BBC Music meinte at suksessen til plata kom av «ein enklare, men likevel full lyd, ein utvikla mystikk knytt saman av rocken til bandet og ein sjølvtillit som kom av at bandet hadde fungert bra i lag over fleire år».[5]

I 2003 vart L.A. Woman rangert på 362. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[60] Då lista vart revidert i 2012, var albumet flytta ned til 364. plassen.[61]

CD-utgåver endre

Botnick produserte og miksa seinare ei ny 5.1-kringlyd-utgåve av albumet, gjeven ut på DVD-Audio den 19. desember 2000. 24. januar 2012 vart albumet gjeve ut på ny med ommastra lyd og bonusspor på Elektra og Rhino Records. Sju av bonusspor var alternative versjonar og to songar var ikkje gjevne ut før, «She Smells So Nice» and «Rock Me».[62] Utgjevinga kom i lag med ein dokumentarfilm kalla Mr. Mojo Risin': The Story of L.A. Woman med intervju av Krieger og Densmore, og opptak frå konsertar og studio.[63]

Innhald endre

Side one endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Changeling»Jim Morrison, The Doors4:21
2.«Love Her Madly»Robby Krieger, The Doors3:20
3.«Been Down So Long»Jim Morrison, The Doors4:41
4.«Cars Hiss by My Window»Jim Morrison, The Doors4:12
5.«L.A. Woman»Jim Morrison, The Doors7:49
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«L'America»Jim Morrison, The Doors4:37
7.«Hyacinth House»Jim Morrison, The Doors3:11
8.«Crawling King Snake»Tony Hollins, Bernard Besman, John Lee Hooker5:00
9.«The WASP (Texas Radio and the Big Beat)»Jim Morrison, The Doors4:16
10.«Riders on the Storm»Jim Morrison, The Doors7:09
Bonusspor på 40-årsjubileumsutgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Orange County Suite» 5:45
12.«(You Need Meat) Don't Go No Further»Willie Dixon3:41
Bonusplate med 40-årsjubileumsutgåva
Nr.TittelLengd
1.«The Changeling» (alternativ versjon)4:45
2.«Love Her Madly» (alternativ versjon)3:59
3.«Cars Hiss by My Window» (alternativ versjon)4:42
4.«L.A. Woman» (alternativ versjon)8:50
5.«The WASP (Texas Radio and the Big Beat)» (alternativ versjon)5:37
6.«Been Down So Long» (alternativ versjon)4:53
7.«Riders on the Storm» (alternativ versjon)9:11
8.«She Smells So Nice» (ikkje tidlegare utgjeven)4:41
9.«Rock Me» (ikkje tidlegare utgjeven)4:30
Bonusspor på iTunes
Nr.TittelLengd
10.«L.A. Woman» (opptak 1)7:42
11.«Crawling King Snake» (gennomgang og studioprat)4:35
Bonusspor på Amazon
Nr.TittelLengd
10.«Love Her Madly» (opptak 1)3:38
11.«The Changeling» (opptak 9)5:28
Bonusspor på Spotify
Nr.TittelLengd
10.«The WASP (Texas Radio and the Big Beat)» (instrumental)4:21

Medverkande endre

The Doors
Andre musikarar
Teknisk

Salslister endre

Album

Liste (1971) Plassering
Canada Top Albums/CDs (RPM)[64] 11
Nederlandske album (MegaCharts)[65] 1
Tyske album (Offizielle Top 100)[66] 32
Norske album (VG-lista)[67] 15
Britiske album (OCC)[68] 28
US Billboard 200[69] 9
Liste (2012) Plassering
Belgiske album (Ultratop Flandern)[70] 50
Nederlandske album (MegaCharts)[65] 51
Franske album (SNEP)[71] 89
Italienske album (FIMI)[72] 63
Spanske album (PROMUSICAE)[73] 57
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[74] 69

Singlar

År Title US Plassering
1971 «Love Her Madly»
B-side: «(You Need Meat) Don't Go No Further»
Pop Singles 11[69]
1971 «Riders on the Storm»
B-side: «The Changeling»
Pop Singles 14[69]

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[75] 4× Platina 280 000^
Austerrike (IFPI Austerrike)[76] Gull 25 000x
Canada (Music Canada)[77] 3× Platina 300 000^
Frankrike (SNEP)[78] 2× Platina 945,800[79]*
Tyskland (BVMI)[80] Gull 250 000^
Spania(PROMUSICAE)[81] Platina 100 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[82] Gull 25 000x
Storbritannia (BPI)[83] Gull 100 000^
USA (RIAA)[84] 2× Platina 2 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. «Discography – L.A. Woman». thedoors.com. Arkivert frå originalen 29. desember 2014. Henta 3. august 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «The Doors – Chart Positionings». billboard.com. Henta 3. august 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «DOORS – Official Charts». officialcharts.com. Henta 3. august 2019. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Unterberger, Richie. «L.A. Woman – Review». AllMusic. Henta 3. august 2019. 
  5. 5,0 5,1 Quantick, David. «The Doors L.A. Woman – 40th Anniversary Edition Review». bbc.co.uk. Henta 3. august 2019. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «The Miami Incident». doors.com. Arkivert frå originalen 28. juni 2012. Henta 10. mai 2015. 
  7. Hopkins & Sugerman 1980, s. 190.
  8. Fing, Ben. «Interview with Jim Morrison». thedoors.com. Henta 3. august 2019. 
  9. Densmore, John (4. november 2009). Riders on the Storm: My Life with Jim Morrison and the Doors. Random House Publishing Group. s. 70. ISBN 978-0-307-42902-5. 
  10. 10,0 10,1 Weidman, Rich (1. oktober 2011). The Doors FAQ: All That's Left to Know About the Kings of Acid Rock. Backbeat Books. ISBN 978-1-61713-110-3. 
  11. 11,0 11,1 Riordan, James; Prochnicky, Jerry (2006). «Break On Through: The Life and Death of Jim Morrison». First Harper. s. 420–423. ISBN 978-0-688-11915-7. 
  12. Eder, Bruce. «13 – Review». AllMusic. Henta 3. august 2019. 
  13. 13,0 13,1 Jackson, Blair. «BAM Interview with Paul Rothchild». archived.waitingforthesun.net. Henta 3. august 2019. 
  14. Riordan, James; Prochnicky, Jerry (2006). Break On Through: The Life and Death of Jim Morrison. First Harper. s. 299. ISBN 978-0-688-11915-7. 
  15. Wall, Mick (2015). Love Becomes a Funeral Pyre. IPG Books. s. 310. ISBN 978-1-61373-408-7. 
  16. «Bruce Botnick: The Doors, MC5, Pet Sounds». tapeop.com. Henta 3. august 2019. 
  17. Hoskyns, Barney (2009). Waiting for the Sun: A Rock 'n' Roll History of Los Angeles. Backbeat Books. s. 189. ISBN 978-0-87930-943-5. 
  18. Junior, Chris M. «Robby Krieger reopens the Doors to the L.A. Woman sessions». goldminerag.com. Arkivert frå originalen 2. juni 2015. Henta 3. august 2019. 
  19. Davis, Stephen (2005). Jim Morrison: Life, Death, Legend. Penguin Publishing Group. s. 395–396. ISBN 978-1-59240-099-7. 
  20. Weidman, Rich (2011). The Doors FAQ: All That's Left to Know About the Kings of Acid Rock. Backbeat Books. s. 123. ISBN 978-1-61713-110-3. 
  21. L.A. Woman (liner notes). Elektra Records. 1971. EKS-75011. 
  22. 22,0 22,1 22,2 22,3 22,4 Bell, Max. «L.A. Woman and the last days of Jim Morrison». teamrock.com. Henta 19. oktober 2015. 
  23. «L.A. Woman: 10 Things You Didn't Know». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 24. november 2017. Henta 3. august 2019. 
  24. Marcus, Greil (9. april 2013). The Doors: A Lifetime of Listening to Five Mean Years. PublicAffairs. s. 16. ISBN 978-1-61039-236-5. 
  25. Giles, Jeff. «The History of the Doors Last Album, L.A. Woman». ultimateclassicrock.com. Henta 3. august 2019. 
  26. 26,0 26,1 26,2 Botnick, Bruce (2007). L.A. Woman (booklet). Rhino Records. R2-101155. 
  27. Swanson, Dave. «No. 18: The Doors – «L.A. Woman»». ultimateclassicrock.com. Henta 16. oktober 2015. 
  28. 28,0 28,1 28,2 Inman, David. «The Doors «L.A. Woman»». americanlåtskrivar.com. Henta 3. august 2019. [daud lenkje]
  29. Hopkins & Sugerman 1980, s. 295.
  30. Bangs, Lester (1980). «The Rolling Stone: History of Rock & Roll». The Rolling Stone: 281. ISBN 0-394-51322-3. 
  31. 31,0 31,1 Riordan, James; Prochnicky, Jerry (30. oktober 1992). Break on Through: The Life and Death of Jim Morrison. HarperCollins. s. 429–430. ISBN 978-0-688-11915-7. 
  32. 32,0 32,1 32,2 McLee, David (2003). Legacy: The Absolute Best (booklet). Rhino Records. R2-73889. 
  33. Allen, Jim. «The Story behind the songs of the Doors' last hurrah, L.A. Woman». ultimateclassicrock.com. 
  34. Wall, Mick (2015). «Love Becomes a Funeral Pyre». IPG Books. s. 314–315. ISBN 978-1-61373-408-7. 
  35. 35,0 35,1 35,2 Hopkins, Jerry; Sugerman, Danny (1980). No One Here Get Out Alive. Grand Central Publishing. s. 295. ISBN 978-0-446-69733-0. 
  36. Dukes, Billy. «The Doors «Love Her Madly»». ultimateclassicrock.com. Henta 3. august 2019. 
  37. Bell, Max. «The Story of the Doors' Love Her Madly». teamrock.com. Henta 3. august 2019. 
  38. Wall, Mick (2015). Love Becomes a Funeral Pyre. IPG Books. s. 318–319. ISBN 978-1-61373-408-7. 
  39. Lisciandro, Katherine (1995). An American Prayer (booklet). Elektra Records. CD-61812. 
  40. 40,0 40,1 Bray, Ryan. «Jim Morrison's Final Show with the Doors». consequenceofsound.net. Henta 3. august 2019. 
  41. Wilonsky, Robert. «FOR YOUR WEEKEND LISTENING PLEASURE: THE DOORS' FAREWELL AT FAIR PARK IN DECEMBER 1970». The Dallas Observer. Henta 3. august 2019. 
  42. Riordan, James; Prochnicky, Jerry (2006). Break On Through: The Life and Death of Jim Morrison. First Harper. s. 457. ISBN 978-0-688-11915-7. 
  43. «L.A. Woman and Jim Morrison's Tipping Point». uncut.co.uk. Henta 9. oktober 2015. 
  44. Whittaker, Sterling. «44 Years Ago: Jim Morrison Plays Final Show With the Doors». ultimateclassicrock.com. Henta 3. august 2019. 
  45. Riordan, James; Prochnicky, Jerry (2006). Break On Through: The Life and Death of Jim Morrison. First Harper. s. 438–439. ISBN 978-0-688-11915-7. 
  46. Hopkins & Sugerman 1980, s. 309.
  47. «Doors Interactive History – 1970». doorshistory.com. Henta 3. august 2019. 
  48. Browne, Ray Broadus; Browne, Pat (2001). The Guide to United States Popular Culture. Popular Press. s. 248. ISBN 978-0-87972-821-2. Henta 15. april 2015. 
  49. «Jim Morrison – Biography». biography.com. Henta 3. august 2019. 
  50. 50,0 50,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: D». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 3. august 2019 – via robertchristgau.com. 
  51. Dalton, Stephen (March 2012). «The Doors – L.A. Woman 40th Anniversary Edition». Classic Rock (168): 109. 
  52. Larkin, Colin (2011). «The Doors». Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 0-85712-595-8. 
  53. Graff, Gary; Durchholz, Daniel, red. (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 358. ISBN 1-57859-061-2. 
  54. 54,0 54,1 Wisnicki, Nathan (6. mai 2012). «L.A. Woman (40th Anniversary Edition)». popmatters.com. Henta 3. august 2019. 
  55. Q (London): 124. November 2000. 
  56. Hermes, Will (2. februar 2012). «L.A Woman (40th Anniversary Edition) – The Doors». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 21. april 2016. Henta 3. august 2019. 
  57. «The Doors: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 6. januar 2013. Henta 3. august 2019. 
  58. 58,0 58,1 Cinquemani, Sal (17. april 2007). «Album Review». slantmagazine.com. Henta 3. august 2019. 
  59. Meltzer, Robert (27. mai 1971). «L.A. Woman – The Doors». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 27. oktober 2017. Henta 3. august 2019. 
  60. «Rolling Stone: 500 Greatest Albums Of All Time». rockonthenet.com. Henta 3. august 2019. 
  61. «L.A. Woman entry on the 500 Greatest Albums of All Time». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 24. november 2017. Henta 3. august 2019. 
  62. Erlewine, Stephen Thomas. «L.A. Woman [40th Anniversary Edition] – Review». allmusic.com. Henta 3. august 2019. 
  63. «The Doors announce the 40th anniversary release of L.A. Woman». consequencesofsound.net. Henta 3. august 2019. 
  64. "Top RPM Albums: Nummer 5187". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 3. august 2019.
  65. 65,0 65,1 "The Doors – L.A. Woman". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 3. august 2019.
  66. "Offiziellecharts.de – The Doors – L.A. Woman" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 3. august 2019.
  67. "The Doors – L.A. Woman". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 3. august 2019.
  68. "Doors | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 3. august 2019.
  69. 69,0 69,1 69,2 "The Doors Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Doors. Prometheus Global Media. Henta 3. august 2019.
  70. "The Doors – L.A. Woman" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 3. august 2019.
  71. "The Doors – L.A. Woman". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 3. august 2019.
  72. "The Doors – L.A. Woman". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 3. august 2019.
  73. "The Doors – L.A. Woman". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 3. august 2019.
  74. "The Doors – L.A. Woman". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 3. august 2019.
  75. «ARIA Charts – Accreditations – 2001 Albums». Australian Recording Industry Association. 
  76. «Austrian album salstrofé – The Doors – L.A. Woman» (på tysk). IFPI Austerrike.  Enter The Doors in the field Interpret. Enter L.A. Woman in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  77. «Canadian album salstrofé – The Doors – L.A. Woman». Music Canada. 
  78. «French album salstrofé – Doors – L.A. Woman» (på fransk). InfoDisc.  Select DOORS and click OK
  79. https://www.infodisc.fr/Ventes_Albums_Tout_Temps.php?debut=150
  80. «Gold-/Platin-Datenbank (The Doors; 'L.A. Woman')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  81. «Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano: Certificados 1991–1995». Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano. ISBN 84-8048-639-2. 
  82. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (The Doors; 'L.A. Woman')». Hung Medien. 
  83. «British album salstrofé – Doors – L.A. Woman». British Phonographic Industry.  Enter L.A. Woman in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  84. «American album salstrofé – The Doors – L.A. Woman». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH