Bruskfiskar (Chondrichthyes) er ein klasse vasslevande virveldyr med bruskskjelett. Dei skilde seg ut or utviklingslinja for 350 millionar år sidan, og er såleis den eldste gruppa fisk med kjevar som me kjenner til. Gruppa omfattar i dag om lag 800 artar hai, skate og havmus i alle verdshav; nokre få tropiske artar går òg opp i ferskvatn.

Bruskfiskar
Hai
Hai
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Bilaterale dyr Bilateria
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Klasse: Bruskfiskar Chondrichthyes
Huxley, 1880

Kjenneteikn

endre

Bruskfiskane har fått namnet sitt på grunn av skjelettet, som nesten aldri inneheld bein. Stundom kan det vera forkalka, men som regel er det berre brusk i det. Kroppen deira manglar eigentlege skjel, og har i staden såkalla plakoidskjel; aerodynamiske piggstrukturar av tannbeinet dentin som gjer at huda deira er ru å ta på.

Finnane til bruskfiskane står alltid stivt utspilt, og er ikkje bevegelege. Dei sym difor med kroppen. Tennene står i parallelle rekkjer og er ikkje fest til kjevane. Gjellespaltene er ikkje dekt med gjellelokk, og dei fleste bruskfiskane har i tillegg ei ekstra gjelleopning bak auga.

Bruskfiskar manglar symjeblære, men har ein særs stor lever med høgt oljeinnhald som fyller litt av den same funksjonen. Tarmane deira er spiralforma.

For å skapa god vass/salt-balanse i kroppen i høve til dei ytre omgjevnadane har bruskfiskar mykje urea (urinstoff) i vevet. Dette gjer at dei har liten urinproduksjon og lite behov for å drikka. Ein annan konsekvens er at det gjer bruskfiskane vanskelegare å nytta som matressurs - for at det ikkje skal dannast ammoniakk, må kjøtet preparerast riktig og grundig.

Bruskfiskar har indre befruktning. Paringsorgana til hannen er omdanna frå bukfinnene, og sæden kan oppbevarast i hoa sitt forplantningsorgan i månadsvis. Sjølve paringa kan vara i mange minutt. Egga til bruskfiskane er store og vert gytt einskildvis. Dei er som regel omslutta av eit solid hylster, ofte med festetrådar. Hjå ein del artar foregår utviklinga frå egg til ungfisk inne i mora (ovovivipari).

Evolusjon og systematikk

endre
 
Pilskate, ein flat bruskfisk frå tempererte og subtropiske delar av Atlanterhavet

Bruskfiskane er ei gamal gruppe, som oppstod allereie i devontida for 350 millionar år sidan. Fossilrekkja er dårleg, sidan brusk sjeldan vert godt bevart, og mykje av kunnskapen vår om forhistoriske bruskfiskar er basert på funn av tenner og kjevar.

Ein deler bruskfiskane inn i to underklasser; Heilhovudfiskar (Holocephali), som omfattar havmysene, og Elasmobranchii, som omfattar haiar og skatar. Havmusa vert rekna som mest primitiv, og har overkjeven vaksen saman med hovudskallen. Havmysene har òg færre gjellespalter enn elasmobranchidane.

Elasmobranchii vert tradisjonelt delt inn i haiar og skater. I dag er vitskapsfolk stort sett samde om at denne inndelinga er misvisande. Somme haiartar er nærare i slekt med skatene enn dei er med andre haiar; gruppa er polyfyletisk.