Brunbuttnebb

art av sporvefuglar
Brunbuttnebb
Bilete frå Thimphu, Bhutan Foto: Mahesh Iyer
Bilete frå Thimphu, Bhutan
Foto: Mahesh Iyer
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Brunbuttnebb
Utbreiinga av Brunbuttnebb
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Familie: Buttnebbfamilien Paradoxornithidae
Slekt: Buttnebb Paradoxornis
Art: Brunbuttnebb P. unicolor
Vitskapleg namn
Paradoxornis unicolor

Brunbuttnebb (Cholornis unicolor) er ein medlem av buttnebbfamilien Paradoxornithidae. Han har leveområde i Himalaya innanfor austlege Nepal, India, Bhutan søraustlege Tibet, og i nordlege Myanmar og i Kina.

Denne arten er særs lik tretåbuttnebb både i storleik, fjørdrakt og i læte. Men desse to artane skil seg frå kvarandre ved at trebuttnebb manglar ei av tærne. Storleiken er 20-21 cm og dei veg frå 31,5 til 39 gram. Storbuttnebb er den arten som liknar mest på brunbuttnebb og tretåbuttnebb i farge og fjørdrakt.

Songen liknar song frå storbuttnebb, med ganske høge, tydelege og relativt formulerte songar, vanlegvis av opptil fire tonar. Men ropa skil seg frå dei åt storbuttnebb, med gutturale og korte skingrande høgfrekvente lydar og harde sprakande tonar.

Kjelder endre