Bruno Bellone

fransk fotballspelar

Bruno Bellone (fødd 14. mars 1962) er ein fransk tidlegare fotballspelar frå Toulon som vart europameister med Frankrike i 1984. Han deltok 1981-88 i 34 landskampar og skåra 2 mål. Bellone var vengspelar og med på å vinne både den nasjonale serien og cupen med AS Monaco.

Bruno Bellone
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 14. mars 1962
Toulon
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1986, VM i fotball 1982, EM i fotball 1984

KlubbspelEndra

Bellone spelte på AS Monaco frå 1980 til -87, ein klubb han vart ligameister med i 1982. Tre år seinare var han også med då Monaco slo Paris Saint-Germain 1-0 i den franske cupfinalen. Perioden 1987-90 var han Cannes-spelar i to åtskilde sesongar, i mellomtida gjorde han ein sesong teneste i Montpellier. Ein ankelskade gjorde han la opp 28 år gammal.

LandslagsspelEndra

Bellone skåra i sin landslagsdebut i Dublin 14. september 1981, då Frankrike gjekk på eit 2-3-tap mot heimelaget i ein VM-kvalifiseringskamp. Han spelte ein einaste kamp i sjølve Fotball-VM 1982, i bronsefinalen mot Polen tapte laget hans med dei same siffera mot Irland hausten før. Bellone sitt landslagsmål nummer to kom i sluttsekunda av EM-finalen 1984 mot Spania, på ei kontring syrgde han for fransk siger 2-0. Sidan skåra han aldri på landslaget. Han deltok i fire kampar under VM i fotball 1986, mellom dei då Frankrike vann 4-2 over Belgia i bronsefinalen. Bellone sitt farvel med landslaget kom i januar 1988, han var innbytar då Marokko vart slått 2-1 Monaco.

MerittarEndra

  • Europameister: 1984 for Frankrike
  • Fransk seriemeister: 1982 med AS Monaco
  • Fransk cupmeister: 1985 med AS Monaco

KjelderEndra